(StudentTorget.no):

Navn: Vibecke Endresen
Alder: 27 år
Studerer: Medisin (3. året)
Studiested:Jessenius Faculty of Medicine  ved Comenius University i den lille fjellbyen Martin i Slovakia.

 

Om skolen og studiestedet

- Korleis kom du fram til at det var til Slovakia du ville dra? 

- Først tenkte eg å satse på å bli i Noreg, men jo meir eg tenkte på det, jo meir innsåg eg at det ikkje freista så mykje. Eg ønskte å få oppleva eit nytt land, og då satt eg plutseleg med fleire alternativ. Eg vurderte Australia, sidan eg har vore der før, men fornufta (evt. Lånekassen) seira, og eg tok ei avgjerd om at eg skulle flytta til eit europeisk land. Eg la merke til byen Martin ganske raskt grunna naturen som han er omringa av. Det var òg eit stort bonus at han ligg i midten av Europa, slikt at ein lett kan reise til dei mange, flotte byane som ligg her omkring. 

 

 


17. MAI: De norske studentane i Martin under 17. mai-feiringa. 

- Kan du fortelje litt om studiet og undervisninga?

- Medisinstudiet her nede har det gamle systemet, dvs. at ein har to teoretiske skuleår etterfulgt av fire kliniske. Det blir med andre ord mykje pugg i starten, og så roer det seg etterkvart. Me har forelesningar og seminarer i alle fag. Ein må i dei fleste fag ta prøver undervegs heile skuleåret, og dei vil òg med nokre få unntak ha både ein munnleg og skriftleg eksamen. 

 

- Korleis er studentmiljøet der?

- Det er jo ein veldig liten by, men med veldig mange studentar (både internasjonale og slovakiske). Dette er med på å gjere det til eit veldig aktivt studentmiljø, og ein blir lett kjende med andre studentar utover sitt eige klassetrinn. Det er òg mange ulike aktivitetar, som til dømes fotball, handball, hockey, kor, og mykje meir. ANSA arrangerer òg mykje i løpet av skuleåret, alt frå fjellturar til julebord. Det er med andre ord alltid noko som skjer. 

 

- Kan du fortelje litt om søknadsprosessen?

- Eg kom ned her via 1+5 programmet til Bjørknes, dvs. ein tar det første året på Bjørknes og UiO og så kommer ein direkte inn i andre klasse i Martin. Det er veldig enkel søknadsprosess. Ein må berre sende inn ein søknad med vitnemål, og så må du berre vente for å sjå om du får ein skuleplass. For dei som søker seg direkte ned hit må gjennom ein opptaksprøve for å bli tatt opp som ein student ved Jessenius. 

LES OGSÅ: Ingrid studerer kommunikasjon i California

 

- Er det noko du synes er negativt eller utfordrende med å studere i Slovakia?

- Eg er ikkje så veldig fan av at nesten alle fag har både skriftleg og munnleg eksamen, spesielt sidan ein må ha munnleg med professorane som ein kjenner frå undervisninga. Eg hadde nok likt litt betre om det var ein sensor slikt som det er i Noreg, men det er no slikt det er her nede og det er berre å akseptere. Det positive med ein slik eksamensform er at ein blir veldig god til å pugga. Ein lærer seg pensum svært godt slikt at ein er klar for alle typar spørsmål under eksamen, både dei som testar kunnskap om detaljer og forståing. 

 

 


UT PÅ TUR: Vibecke fortel at det er mange sykkelstiar både i Tsjekkia og Slovakia, noko ho benyttar seg av. 

 

Livet som norsk student i Slovakia

- Korleis er en vanlig dag i Slovakia?

- Det er ofte forelesningar frå klokka 7-8, noko som er det same for heile klassen. Resten av dagen er me delt opp i faste grupper, og spredd rundt omkring på sjukehuset med ulik timeplan.

 

- Kva er den største forskjellen på å studere i Slovakia og i Norge?

- Det å studera her er verkeleg noko heilt anna enn korleis det er å studera i Noreg, både på godt og vondt. Eg hugsar godt at eg trengte litt tid til å justera meg frå eit trygt studiemiljø i Bergen til den mykje meir stressande skulekvardagen her i Martin.

- Ein kan godt seie at det er eit lite hopp frå UiB til Jessenius Faculty of Medicine. Då tenkar eg mest på kva slags forhold ein har til professorane sine, men òg korleis fakultet og faga er strukturert. Noko av det mest negative ved å studera her er nok mangel på kommunikasjon mellom fakultetet og studentane, og at dette naturleg ofte endar opp i mykje rot.

- Når det gjeld det mest positive, så er det nok at ein blir heile tida blir pressa til å lære seg pensum gjennom skuleåret, og sjølvsagt at ein sjølv alltid må ta ein del initiativ sidan ingenting her vert servert på sølvfat.

 

- Kva gjer du når du ikkje er på skulen?

- Me er omringa av ein kjempeflott natur, og det er veldig populært for alle som bur i Martin å gå tur i desse fantastiske fjellkjedene. Ein må berre hugsa å passa seg for bjørn. Det er òg veldig mange av oss som drar til Jasnà, som er eit stort skisenter berre ein time unna Martin. Me har òg hatt turar der om hausten kor me då istadenfor ski har gjort utforsykling, hanggliding, klatring og mange andre sommaraktivitetar.   

 

- Korleis er leieprisane der? 

 


I BAKKEN: Kun ein time frå Martin ligg det ein skibakke, den blir flittig brukt på vinteren av Vibecke og medstudentane.
 

- Det er så vanskeleg å seie 100 prosent sidan det for tida er mange endringar. Eg har ei leiga på 170 euro, og det dekker alt. Eg trur nok dei fleste har ei leiga mellom 150-300 euro, men eg veit om nokon som har mykje høgare òg. 

 

- Vil du anbefale andre å studere ved din skole, har du noen tips til nye studenter?

- Det første ein bør forstå er at Martin er ein ganske liten by, men om ein ikkje trenger å bu i ein storby så er det heilt fantastisk å studere her nede. Me har eit utruleg flott studentmiljø, og det er som tidligare nemnt alltid noko som skjer. Ein treng ikkje å vere redd for at ein ikkje skal bli kjent med nokon fordi alle nye blir tatt veldig godt i mot av me som allereie er her nede ved skulestart.

LES OGSÅ: Karoline studerer reiselivsleiing på Bali