(StudentTorget.no):

Dette legatet vart oppretta i 1976 av enkene etter Reidar og Gunnar Holst, og hovudformålet er å yte stønad til tiltak som er retta mot barne- og ungdomsarbeid. Det vert difor mellom anna delt ut utdanningsstipend til økonomisk vanskelegstilt ungdom.

ABNU-systemet inkluderer følgande utdanningsinstitusjonar:

• Bjørknes Privatskole
• Bjørknes Høyskole
• Helsehøyskolen
• Treider Private Gymnas
• Treider College
• Westerdals School of Communication
• Nordisk Institutt for Scene og Studio (NISS)
• Utdanningshuset
• Bilder Nordic School of Photography
• Norges Informasjonsteknologiske Høgskole (NITH)
• NKI Nettstudier
• NæringsAkademiet Bergen
• Berghs School of Communication

Les mer om ABNU-systemet her.

Einskildstipend er på inntil kr. 25.000, og delast i hovudsak ut til studentar som av ulike grunnar  har det vanskeleg økonomisk. Det er også einskilde andre kriterium ein må fylle for å kunne søkje. Ein må følge undervisninga med minst 80%, følge fagplan med dei oppgåveinnleveringar dette medfører og ha betalt semesteravgifta (eventuelt følge ein godkjend nedbetalingsplan for denne).


Det er ikkje lenge att til søknadsfristen går ut, men du kan framleis rekke det! Då må du laste ned og fylle ut søknadsskjemaet, samt leggje ved personleg begrunning for søknaden og kopi av din siste likningsattest.

Les meir og last ned søknadsskjema her.