Navn: Ida Heradstveit
Alder: 22 År
Studerer: Grunnskolelærer 5-10 ved Høgskulen i Sogndal
Studiested: Sogndal
Hvorfor valgte du å studere Grunnskolelærer?
Eg hadde jobba som vikar i grunnskulen året etter vidaregåande. Dette gav meirsmak og difor valgte eg å byrje å studere det året etter. I tillegg likar eg å jobbe med menneske, då vert ingen dag lik nokon andre og ein får variert kvardag.
Fortel litt om studiet og undervisninga:
Studiet innheld ei blanding mellom teori og mykje praksis. I løpet av dei tre fyrste åra på studiet er ein 100 dagar ute i skulen i praksis. Dette gjer at ein får «knaggar» å henge teorien på gjennom å sjå den i bruk i praksis. Undervisninga føregår i klassar, gjennom førelesningar, gruppearbeid og diskusjonar.
Skulen ligg perfekt til i Sogndal! Det er lett og kome seg dit frå alle kantar og alt er samla på campus. I tillegg er det nye bygningar og gode fasilitetar - eit godt læringsmiljø! Studentmiljøet ellers er aktivt og inkluderande! Det er lett å engasjere seg og skape nettverk på tvers av klassar og studium. Ein kjem lett i kontakt med mennesker med like interesser. I Sogndal finst det noko for ein kvar!