Aasmund Olavsson Vinje

- eit urosentrum i samtida

 

Ein mann som dikta og drøymde om land og folk, refsa og spotta høge og låge. Ein stygg mann med spaserstav og ei stor kjærleik til fjellnaturen. Ein mann som var så fattig at han måtte låne pengar for å overleve, men brevveksla med statsministeren, Knud Knudsen og Welhaven. Ein mann som provoserte dei fleste og leita etter uvennar heller enn vennar. Ein mann som skapte ein personleg, kåserande og essayistisk journalistikk og skreiv på det nye målet, nynorsken.  Ein mann som i samtida blei sett på som ein frekk journalist, og no etterpå ein viktig lyrikar. Ein mann som kom i klasse med Bjørnson og Ibsen, og blei tatt for fusk på eksamen. Ein ambivalent mann med eit vanskeleg temperament.

Det var Aasmund Olavsson Vinje det.

 

Aasmund Olavsson Vinje er nok mest kjend for å ha skrive Ferdaminni frå sumaren 1860, for å ha drive vekebladet Dølen som blei skrive på nynorsk og gjennom Dølen også gitt nynorsken ein betre status i samtida.

 

Vinje, som kom frå ein stakkarsleg husmannsplass, erfarte mykje i løpet av det relativt korte livet sitt. Han blei fødd 6. april 1818 i Vinje og døydde av kreft berre 52 år gamal på Hadeland 30.juli 1870.


Aasmund var ofte sjuk som born og fekk bryst til han var seks år, og han ser sjølv på dette som ein av grunnane til at mora fekk tuberkulose og døydde då han var 10 år.

Vinje var ikkje særleg populær hjå jentene. Han hadde i ung alder fådd ein betennelse i det høgre auget. Det eine auget var litt større enn det andre og andletet var nokså skeivt. Nesa var kroka og såg ut som om ho hadde vore utfor mang ein slåsskamp.

Sjølv sa Vinje at han hadde ein fin barndom, og at han las alle bøkene som fanst i den vesle husmannsstua, kor han vaks opp. Om ikkje boka stod til forventningane så hende det fleire gonger at han tende på i reint sinne. Yndlingsforfattaren var nok Ludvig Holberg med dei satiriske komediane hans, og Vinje kan på mange måtar samanliknast med Holberg i tvitydigskapen og den samansette personlegdomen hans.

LES OGSÅ: Kristin Lavransdatter - Kransen

 

Journalistikken

 

Etter ei tid som omgangsskolelærer i heimbygda fór Vinje til hovudstaden for å ta eksamen artium i 1858. Han begynte på Heltbergs Studentfabrikk i Christiania i eit år, men blei tatt for fusk på eksamen så han måtte ta eit år om igjen. Han tok eksamen artium i 1850 da han var 32 år gamal. Saman med klassekameratane Henrik Ibsen og Paul Botten Hansen gav han ut eit satirisk vekeblad, Andhrimner i 1851. Og han dreiv med journalistikk heile tida ved sidan av studiane.


Han var Christiania-korrespondent for Drammens Tidende frå 1851. Her skreiv han om kva som skjedde i hovudstaden innanfor båda dei låge og dei høge sjikta i samfunnet.

Han skreiv veldig moderne og fritt, med ein humoristisk tone og hadde lett for å spøke med folk og kritisere de raraste ting. Blant anna skreiv han ein så stygg kritikk til Bjørnstjerne Bjørnsons ”Arne” at ein knapt har sett ein like fæl.

Ivar Aasen var ein av dei få som ikkje fikk merke Vinjes skarpe penn. Dei to vart gode kameratar etter ei tid, og sjølv om Vinje i byrjinga sympatiserte med fornorskingslinja gikk han over til å like tanken om ei ny målform. For han syntest at det rådande dansk-norske bokspråket var for vrient for telemarkdialekten hans. Han slutta med korrespondansen for Drammens Tidende i 1858 med den grunnen at han meinte ”[…]at jeg vanærede min Norske Haand med at skrive Dansk, at jeg således syndede mod Fædrelandets Aand og gjorde mit til at slukke den sidste Rest af dens Liv; jeg skal ikke gjøre det mere. […]”


 

Dølen

I 1858 gikk Vinje over til å skrive på Aasens landsmål. Han starta samtidig opp eit vekeblad han kalla for Dølen, som vart gitt ut første gong 10. oktober 1858. Her skreiv han mesteparten av artiklane sjølv, og alt var på landsmål, no kalla nynorsk.

Det var faktisk første gong landsmålet vart brukt på trykk, og dette gjorde at landsmålet fikk ein pangstart ut i Noreg. Dølen hadde riktig nok ikkje så veldig mange lesarar, men det var nok av både dei som likte og dei som ikkje likte skriveria til Vinje.

Han laga etter kvart eit oversyn over innhaldet i Dølen, som han dela opp i følgjande kategoriar: ”Digte”, ”Innanlandsk Politikk”, ”Utanlandsk Politikk”, ”Literatur og Kunst”, og til slutt ei salig blanding som han ganske enkelt kalla ”Blandingar”.

Under kategorien ”Digte” gav Vinje dei fleste av hans skjønnlitterære verker ut. Blant anna er diktet ”Den dag kjem aldri” først lansert her.  Det er eit romantisk dikt kor Vinje får fram den skjøre og vakre sia si. Det første verset går slik:

 

”Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;


for om eg søver, eg om deg drøymer.

Om natt og dag er du like nær,

og best eg ser deg når mørkt det er.”

 

Vinje viser med å bruke landsmålet i lyrikken sin at han meiner det er betre å bruke ord og vendingar som er brukt i den daglege talemåten, enn å skrive det danske bokspråket. Det blir ikkje den same kjensla som kjem fram om det er skriven på eit anna språk, seier han. Han bruker faste rim, og fleire av dikta hans vart sette melodi til av vennane hans eller i ettertid av andre komponistar og visersongarar.

Vinje var god kamerat med Welhaven og delte hans syn på korleis diktinga skulle vere, og kritiserte Welhavens erkefiende Wergeland offentlig opptil fleire gonger.

 

Etter å ha blitt god ven med Ivar Aasen vart Vinje også meir og meir opptatt av dei politiske saker som var oppe i samtalane. Han var omskifteleg einig og ueinig om kva Noreg skulle vere, han var ein sympatisør for unionen og likte det svenske språket, men ville ha eit eige språk for folket. Her kjem det godt frem i eit dikt han trykka i Dølen i 1865:


 

Vaart Folk i Trældom længe gjekk

med sorg forutan Sæli.

Men som det att’ si Frihet fekk,

So maa det faa sit Mæli.

 

Han var ambivalent. Han ville og ville ikkje. Motsetningane hans har både i samtida og i ettertid gjort mange forvirra; filosofi og studier mot det praktiske, fritenkeri mot kristendom, nytt mot gamalt, eiga språkutvikling eller Aasen, europear mot nasjonalkjensla og unionen med Sverige. Han ville ha diktarlønn, men han ville ikkje vere med i det sosiale laget med dei andre forfattarane og diktarane. Han ville vere med ”dei store”, men han ville likevel vere litt utanfor. Han æra og kritiserte bondekulturen og bysamfunnet.

LES OGSÅ: Slagord på russekortet

Ferdaminni og sorg

I diktet ”Ved Rondane” viser Aasmund O. Vinje ein stor kjærleik til naturen. Han skreiv diktet, som er eit dikt i frå boka Ferdaminni frå sumaren 1860, då han fór til Trondheim for å sjå vigslinga av Carl den 15. Det gjer eit stort inntrykk på han da han igjen får sjå den fjellnaturen han elskar, etter fleire år i Christiania og i låglandet ved kysten.

 

Dei siste åra til Vinje var dei mest kjenslefylde åra sia barndomen da mora døydde, og familien vart splitta.


Det var i 1869, som ein 50 år gamal mann Vinje fant si store kjærleik, den 18 år yngre Rosa Kjeldseth. Dei vart gifte 20.juni 1869, og Rosa fødde ein son den 5. april året etter, dagen før Aasmunds bursdag. Rosa døydde uventa i barselseng den 12. april. Dette gikk hardt ut over Vinje som då miste si første kjærleik, etter berre å ha kjend ho i halvanna år.

Sjølv var Vinje for sjuk til å gå i gravferda hennar. Han hadde lenge vore sjuk med magekreft (er ikkje sikkert, legene fant aldri ut kva som var galt) , og fikk blant anna Ivar Aasen på besøk på sjukesenga, kor dei hadde fleire samtalar om kva som no skulle skje med Dølen. Vinje fikk Lars Holst – seinare redaktør av Dagbladet – til å diktere og trykke Dølen mens Vinje låg i sjukesenga. Livet slong, for Vinje og for Dølen. Dei slong i lag etter som ”Dølen er eit Menneske og ikkje nogot daudt Blad”, skriv han som ei forklaring og orsaking for stansen av bladet mens han låg i sjukesenga. Berre tre månader etter Rosa, døydde Aasmund på Sjo på Hadeland.

 

Vinje var ein av tidas uromakar med sin nye stil, men han held framleis på tradisjonane med fast rytme og stil i lyrikken sin, tro den samansette personen han var.

Så no vil det nok vere best å slutte av med eit sitat frå Olav Vesaas’ biografi om Aasmund Olavsson Vinje: ”Eit menneske som ber i seg så mykje av historia vår og våre levande liv, er det uråd å putte i bås eller setje på formel. Vinje var eit stimulerande uroelement i samtida si, slik han er i dag. Gåtefull, lokkande og levande.”

 

 

 

Kjelder:

”A.O. Vinje Ein tankens hærmann”  av Olav Vesaas, Cappelen 2001

Impuls tekstsamling VK1 og VK2, Eli Lindtner Næss og Inger Marie Stein, Cappelen

Impuls teori VK1 og VK2, Anne Lene Berge, Eli Lindtner Næss og Øystein Rottem, Cappeler

http://fuv.hivolda.no/prosjekt/atlebolsen/aasmund.htm

http://vestnorden.no/vinje.htm

http://www.dagsavisen.no/kultur/litteratur/2000/12/537197.shtml

http://propaganda.net/skoleside/1219.shtml

http://www.samlaget.no/gjennompråket/aovinje.html

http://www.oppland-arbeiderblad.no/49/97/88/3.htm