Studentar med realkompetanse viser seg ofte vel så flinke som studentar med studiekompetanse frå vidaregåande skule. - Typisk nordisk, hevdar forskarar.

- Det viser seg at desse studentane klarar seg like godt som andre, ofte vert nok motivasjonen ei kompensering for det dei elles manglar, seier Icara da Silva Holmesland til StudentTorget.no.

Saman med Judy Deanne Lundin har ho nyleg gitt ut antologien Formal and Informal Learning: Shall the Twain Ever Meet in Adult Education?, som er ei samling erfaringar og undersøkingar gjort av lærarar ved Høgskulen i Akershus. Realkompetanse er eit alternativ til studiekompetanse for dei over 25 år, akkumulert av den erfaringa ein person har skaffa seg gjennom lønna eller ulønna arbeid eller utdanning.

Både resultat på eksamen og motivasjon for studia viser seg altså tilfredstillande for desse studentane, og i eit kapittel i boken skrevet av Kjersti Sortland peikar ho på at realkompetansestudentar ved sjukepleiarutdanninga til og med har lågare fråfall enn andre studentar.


Etter kompetansereformen i 2000 fekk alle med realkompetanse høve til å søke høgare utdanning. Utdanningsdepartementet tilbakeviste den gong at dette ville føre til ei nivåsenking av høgskular og universitet.

- Det skal bli lettare å kome inn, men ikkje å kome ut, uttalte departementet. Forskarne hevdar likevel ei viss tilpassing undervegs i studieløpet har vore naudsynt for å få realkompetansestudentane opp på same nivå som dei andre.

- God kommunikasjon mellom lærar og student er sjølvsagt alltid viktig, men for desse studentane er det avgjerande å oppleve at dei kan spør om det dei ikkje forstår. Studia våre viser at open kommunikasjon er ei føresetnad for eit godt resultat, seier Holmesland

LES OGSÅ: Hvordan lykkes med faget klassisk retorikk?

 

Skilnad på høgskule og universitet

Tal frå Samordna Opptak syner likevel at det er stor skilnad på antal søkarar med realkompetanse til dei ulike institusjonane. På Høgskulen i Akershus, der Holmesland og Lundin har henta sine erfaringar frå, har rundt 26 prosent av søkarane realkompetansebakgrunn. Universiteta held derimot til blant dei nedste på lista, med jamnt over rundt 2 prosent realkompetansesøkarar. Ei undersøking NIFUstep gjorde i 2005 avdekka at også fråfallet til desse studentane er ein god del høgare på universitet enn på høgskule.


Monica Bakken, Studiedirektør ved Universitetet i Oslo, hevdar dette er ei naturleg utvikling, og at det ligg grunnleggande skilnadar mellom høgskule og universitet bak.

- Eg trur det gjenspeglar erkjenninga om kva eit universitet krever, og at det er vanskeleg å kvalifisere seg tilstrekkeleg for denne institusjonen. Krava er ulike og meir akademiske på universiteta, medan høgskulane har kortare profesjonsutdanningar. 


Icara da Silva Holmesland  og Judy Deanne Lundin er forfattere av antologien som viser at studenter med realkompetanse klarer seg vel så bra som de med studiekompetanse.

Holmesland er einig i at ei profesjonsretta utdanning lettare motiverar studentane for teori, men presiserer at det også finst realkompetansestudentar med dei "harde" faga som hovudstyrke.

- Det finst studentar som er sterke i matematikk, men ikkje har klart å oppnå studiekompetanse grunna til dømes for dårleg lesedugleik. Også her avhenger resultatet av læraranes haldningar og formidlingsevne, men gapet kan nok ofte bli for stort i desse tilfella.


 

Typisk nordisk

I samlinga Holmesland og Lundin har gitt ut, hevdar dei at inntak på bakgrunn av realkompetanse er eit typisk nordisk fenomen, og ei forlenging av det egalitære tankegodset som dominerar desse samfunna.

- Vi ser på ordninga som eit ledd i demokratiseringa av høgare utdanning. Om ein er villig til å jobbe hardt, bør ein få høve til å utvikle seg. Dette skil seg frå til dømes Storbritannia og Frankrike, der faktorar som klasse og status i større grad speler inn på tankar om høgare utdanning. I dei nordiske landa er ein meir open for at studia skal vere for alle som er villige til å gjere ein innsats, avsluttar Holmesland.