(StudentTorget.no):

Her finn du ei svært enkel rettesnor som du òg kan bruke til novelleanalyse. Det er lagt vekt på sentrale omgrep. Plukk det som kan brukast i den enkelte analysen.

Islendingesoga Gisle Sursson og romanane Lucie av Amalie Skram, Jonas av Jens Bjørneboe og Beatles av Lars Saabye-Christensen er i hovudsak brukt som eksempel. Du treng  ikkje å ha lese desse romanane for å bruke rettleiinga. Dei sentrale momenta er utheva.

Ver klar over at det du her får hjelp med, er å finne dei kompositoriske verkemidla.  Den tematiske analysen må du arbeide deg fram til sjølv ved hjelp av fornuftige resonnement, litteraturhistoriebøker og på anna vis.

 

Kompositoriske verkemiddel

Spaningskurva i ein roman har normalt fleire toppar, stig mot klimaks og dalar så, ofte raskt, mot slutten. Vendepunktet kan falle saman med klimaks, men det er slett ingen regel.

Eksempel: Jonas når klimaks når hovudpersonen Jonas rømmer fordi han skal sendast på spesialskole. Vendepunktet kjem seinare, når vi skjønar at tragedien vil få ein lykkeleg slutt for hovudpersonen. Romanen har mange spaningstoppar knytte til så vel Jonas som bipersonane.


Eksposisjonen reknar vi for å vere ferdig når bakgrunnen for handlinga er klarlagd og dei viktigaste personane er presenterte for oss. Islendingesogene, Gisle Sursson inkludert, byrjar med eit kortfatta resyme av tidlegare hendingar og ein presentasjon av hovudpersonane og slektsforholda deira. Soga er stramt kronologisk oppbygd (men har visse frampeik i form av draumar, spådommar og ganning). Jonas, derimot, byrjar in medias res med at Jonas har forsvunne. Så går vi attende i tid til der historia om Jonas sitt traume har sitt utspring, nemleg til første året i barneskolen. Først midtvegs i boka får vi vite korleis og kvifor Jonas forsvann og kva som seinare hende. Kvifor har Bjørneboe valt denne komposisjonsforma? Kan det vere for å gjere romanen spanande frå første side? In medias res-opninga fungerer i alle fall som eit frampeik og samstundes som ei gåte lesaren ventar å få løyst seinare i romanen.

LES OGSÅ: NORSK STIL: DIKTANALYSE

Lucie byrjar òg in medias res, men handlinga er likevel kronologisk. Fortida vert avdekka undervegs gjennom retrospektive glimt.


Beatles er kronologisk oppbygd om ein ser vekk frå romanens rammeforteljing, der forteljaren sit i eit sommarhus og skriv romanen. Rammeforteljingar er heller sjeldne. Du har kanskje segna ”Graverens fortellinger” av P.C.Asbjørnsen og novellene ”Bedehuset” av Olav Duun og ”Liket” av Tor Jonsson på pensum? Alle tre har rammeforteljingar.

Vi skil mellom skildrande, og sceniske parti. Dei sceniske partia kan vere refererande eller dialogiske. Kva har forholdet mellom dei å seie når det gjeld mengde og innhald? Om du til dømes finn at romanen har svært mykje dialog, er det ikkje nok å konstatere dette; du må òg seie noko om effekten. Er skildringa detaljert eller impresjonistisk? Kan hende finn vi klare forfattarkommentarar. I litteraturhistoria kan du finne kva epokar forfattarkommentarar har vore vanleg, eventuelt når det har vore uakseptert fordi det t.d. bryt illusjonen.

LES OGSÅ: NORSK STIL: ESSAY

Vi kan òg leite etter lyriske innslag i romanane. I Gisle Sursson er det fleire kvad som er lette å finne fordi dei typografisk er oppsette som akkurat kvad. Men lyriske innslag kan ein òg finne i prosaform. Eit kjent eksempel finn du lett i Synnøve Solbakken av Bjørnstjerne Bjørnson. Kjend i denne samanhengen er òg innleiinga til og visse innslag seinare i  Garman & Worse av Alexander Kielland.


Noko som er typisk for islendingesogene, er at viktige scener er ”blesne opp”, medan lengre tidsepokar, tilmed år, då det ikkje hender noko som driv handlinga framover, er nemnde i nokre få setningar. Ei slik vektlegging på handlingstoppane gjev tempo og jamn framdrift av spaningskurva.

LES OGSÅ: NORSK STIL: TEKSTANALYSE

Over kor lang tid strekkjer romanen seg? Over eit heilt liv? Over nokre månader? Er tidsaspektet viktig? Eventuelt kvifor?

Forteljinga om Jonas er ei spreidd eller oppdelt historie ettersom Bjørneboe gjer utstrekt bruk av retarderande verkemiddel.

I Jonas finn vi i alle fall desse typane retarderande innslag:

Retrospektive innslag: Vi får t.d. høyre forhistoria til fleire bipersonar.

Roman i romanen: Om lærar Johannes Marx, skrive i eg-form over om lag 35 sider. Denne romanen i romanen er samstundes eit retrospektivt innslag som er viktig for å forstå Johannes Marx og korleis han handlar i høve til Jonas.

LES OGSÅ: NORSK STIL: KÅSERI

Parallellhandlingar: Vi får høyre om Werner og andre sine dagar parallelt med Jonas sine.


Innskotne anekdotar: Myten om Graal-riddarane.

I andre romanar kan retarderande innslag t.d. vere:

Essayistiske innslag.

Faktaopplysningar: Døme på dette kan vere den lange sekvensen om haiar i Haiene av Bjørneboe og om byen Lillehammer i Roman 87 av Dag Solstad.

Retarderande innslag har gjerne ein forklarande og samanbindande funksjon (sjølv om det motsette kan seiast om faktaopplysningane i Haiene og Roman 87). Andre samanbindande  element du kan leite etter, er

Symbol                   

Leiemotiv                

Parallellscener

Frampeik

Gjentakingar

LES OGSÅ: NORSK STIL: ARTIKKEL

Kontrastar

Eksempel på symbolbruk i Jonas: Havet og fuglen som symbol på fridom frå tvang; dei er samstundes eksempel på leiemotiv i romanen og er knytt til fleire av personane og til den rike tematikken i romanen.

Kontrastar finn du på fleire nivå; eit enkelt døme kan vere dei to ekstremt kontrasterande typane lærarar vi møter i Jonas.

Er det noko slåande ved språket i romanen? I Jonas signaliserer forfattaren kva  klasse eller samfunnslag den enkelte tilhøyrer ved å la nokre tale vikværsk (Oslo aust), andre riksmål. Språket personane fører, er avslørande.


Sei noko om miljøskildringa dersom ho er viktig. Språket kan vere del av miljøskildringa, elles er det miljøet som tids- og stadskoloritt vi er interesserte i.

Personskildringa kjem vi ikkje utanom. Gå til Personskildring (ikkje ferdig pr.1.nov.02)for nærare råd. Her nemner vi berre at skiljet mellom dynamiske og statiske personar ofte er svært viktig i analysen. Personane er bærarar av haldningar og normer. Vi spør gjerne: Kven får vi sympati for og kven antipati mot? Korleis skjer det/ Korleis plantar forteljaren desse haldningane i oss? Er forteljaren ”for eller mot” personane? Korleis kjem det fram? Seier han det rett ut, eller må vi lese mellom linene?

Synsvinkelen i Jonas er allvitande autoral, i Beatles første person personal. Kva har synsvinkelen å seie? Du finn nærare opplysningar om synsvinkelinndelingar i læreboka di.