Studentersamfunnet Bislett er viden kjent for sine torsdagskroer. Hordar av tørste og feststemte studentar finn vegen til kroa kvar torsdag, og med åpning av spritbar var det naturleg for oss i i StudentTorget å ta turen på ny.

 

Vi møter opp omlag ein halvtime før midnatt, og møter som forventa kø. Til høgre for inngangen snokar ei 40 meter lang kø av forventing seg, studentar på rekke og rad på veg inn til det som blant mange er rekna som den beste sjekkestaden i byen.

 

Nokre kjappe trappetrinn lenger nede finn vi første baren. Allereie her er stemninga på topp, og kjende slagerar dunkar seg ut av høgtalarane. Øl på plastglas skiftar eigar på høg-gir, det er tydeleg at dette skal bli ein fuktig kveld.

 

Vi blir vidare losa av kjentfolk innover i lokalet, der den nye spritbaren er installert i den gamle garderoba. Baren er stilig innreda i grotta som ser ut som ein lang sylinder. Her finn vi alle dei som er fødde før 1986 og som er berettiga til drykk av kraftigare kaliber. I enden av sylinderen ligg baren, med nattbilete frå New York tapetsert på veggen. Drinkekartet er fyldig og bra, samstundes som prisane også er godt levelege. Vi freistar lukka med ein Gin Tonic.

 

Ellers kjenner vi Samfunnet slik som det alltid har vore. 3 avdelingar gir gjestane noko å velge mellom, og innerst er kanskje Oslos svettaste dansegolv. Tett, varmt og med heite rytmer glinsar folkemengda i mot oss, og den gamle slageren ”it’s getting hot in here” er hverken feil musikalsk eller lyrisk.

 

Samfunnet er som det alltid har vore, men no med det vesle ekstra. Du veit kva du får når du besøker Samfunnet, og er det det du vil ha er det få plassar som er bedre. Dette er ingen uteplass for den gode samtalen og dei kjappe replikkane. Dette er staden for den gode stemninga og den kjappe dansefoten. Vi skålar for fortsatt uhemma morro på Samfunnet, og vandrar på klisterføre mot utgangen og Oslo-natta.

 

 

Kveldens studine Eirin (23)

 

Studie: Psykologi årseinheit (Blindern)

- Dette er første gong eg er ute i Oslo, og tykkjer dette var veldig bra. Bra musikk, gode prisar og mykje folk.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kveldens student Pål (27)

 

Studie: Almennlærar


- Eg har jobba som vakt på Samfunnet i 2 månadar, og tykkjer dette er ein kjempeplass! Her finn du glade, feststemte studentar – og no har vi også fått spritbar!


Annonser:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: