Fredag 18. august var StudentTorgets invitert til båttur i anledning fadderveka på Campus Kristiania. I redaksjonen vart dei to mest rutinerte sjømennene valgt, ikkje nødvendigvis på bakgrunn av erfaring, men geografisk opphav. Begge utvalgte er frå Sunnmøre, Noregs vakraste kystområde, og burde derfor være godt rusta for bølger og hardt vér.

 

 

 FERSKE STUDENTER: Mari, Taran,
 Madeleine og Stine  er storfornøyd med
 fadderuka så langt
 STUDENTLEDERNE: Leder av Storm 
 Kristina (til venstre) og leder av
 fadderuka Therese
 HERLIG STEMNING: Det var solnedgang,
 det var latter, det var sang (og sikkert
 en del kjærlighet ut over kvelden også)

Litt over klokka 18 sto vi klare med spissa penn og pussa linse på brygga nedanfor Akershus Festning. Her hadde omlag 200 studentar møtt opp for å delta på seilasen, og skuta ”Lady Mac” var ei flott skue i det strålande sumarvéret.

 

 

Fire fadderbarn

 

Før ombordstigning tok vi en kjapp prat med 4 fadderbarn, som hadde store forventingar til turen: 

 

 - Fadderveka har vore heilt fantastisk. Glimrande opplegg og dyktige fadderar. Vi har snart blitt kjent med heile klassa, og har fått ein sosial pangstart på studietida. Og denne båtturen blir ein høydare, meinte Mari, Madeleine, Stine og Taran.

 

 

Vi er blandt dei siste som går ombord i båten, og legg merke til to ting: Det er stort overtal av jenter ombord, og dei aller fleste går direkte til baren. Vi slår oss ned i ein bås saman med 4 jenter frå Internasjonal Markedsføring medan matrosane kastar loss.

 

Ombord i skuta manglar det på ingenting. Musikken går i takt med bølgeskvulpet, studentane strålar om kapp med sola, og snart var havets delikatesse, reker, servert på borda.

 

 

Fornøyde studentledere

 

Utover kvelden opplever vi ei krysning av partybåtar frå Aya Napa og skuta til Kaptein Sabeltann. Utskeiande fest og morro, men med uskulda og sjarmen til gode herr Sabeltann.

Her er alle gode venar, sjøl om dei nettopp har blitt kjent. Og som leiaren i Storm, Kristina Mordal, oppsummerer det:

 

 

- Dette er den beste fadderveka nokon gong! Alt har gått knirkefritt, og studentane er i storform. Takk til alle som har bidratt til dette!

 

Med ei pils i handa skimtar vi Postgirobygget i det fjerne og frå høgtalarane. Og det einaste som manglar når låta Idyll strøymar ut er ordet ”sommerfri”, men det var det ingen som bekymra seg over. Det var solnedgang, det var latter, det var sang. Når det er slik å gå på skule, er det ingen som saknar ferien.

 

 

Dagens Sjømann: Thomas

Alder: 24

Studie: Reiseliv, 2.klasse

 

Kommentar: Veldig positivt å bli kåra til dagens Sjømann. Eg trivast meget godt på sjøen.

 

 

 

 

 

 

Dagens Havfrue: Julie

Alder: 21

Studie: Reiseliv, 1.klasse

Kommentar: Jævli fett å bli kåra! Denne festen er kjempegøy!