(StudentTorget.no):

 

 

TV:

«Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?»

Endeleg er TV-serien basert på boka til Johan Harstad klar. I hovudrolla er Pål Sverre Valheim Hagen, og serien er spelt inn på Færøyene. Chad Coleman, som spelte boksetrenaren Cutty i kult-serien «The Wire», har også ei rolle. NRK1, november.

 

 

 

 

Film:

«The Rum Diary»

Johnny Depp spelte gonzolegenda Hunter S. Thompson i «Frykt og avsky i Las Vegas». No er han tilbake som same mann, i filmen basert på boka «The Rum Diary». Rom, sex og rock'n'roll. Kinopremiere 25.11.

 

Musikk:

5 alternative juleplater
«It's snowing on my piano»
- Bugge Wesseltoft

«Songs for Christmas»
- Sufjan Stevens

«Christmas in the heart»
- Bob Dylan

«Christmas» - Low

«Tre Vise Menn» - Mathias Eick, Ertan Tekin og Pasha Hanjani

 

 

 

 

 

Scene:

«Nøtteknekkeren»

Jula blir ikkje heilt den same utan, og om du er i hovudstaden i november eller desember kan du kome i skikkeleg julestemning på Operaen.

Historia om vesle Clara som legger ut på reise med nøtteknekkarprinsen blir fortalt ved hjelp av prima ballerinaer, fantastiske kostymer og den kjende musikken til Tsjajkovskij. 26.11 til 22.12, Den Norske Opera & Ballett.  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Magasin:

«Interview»

Er du glad i å lese om kjendisar, men vil ha det litt meir classy enn Se & Hør? Interview vart starta av sjølvaste Andy Warhol og idèen er å la kjendisar intervjue kvarandre. Magasinet ser ut som èin million dollar og har også stoff om mote, musikk, design og kunst. Narvesen/Ipad/www.interviewmagazine.com

 

 

 

Bok:

«Min kamp. Sjette bok»

Om du enno ikkje har dette av lasset når det gjeld den mykje omtalte bokserien til Karl Ove Knausgård, er det klart du må få med deg slutten! Forfattaren har røpa at han har sett mykje til boka med same namn av Hitler. Vil boka stå att som eit meisterverk eller berre eit eksperiment? Oktober forlag.

 

 

 

 

 

 

 

 


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: