MIN STUDIETID

Berte Rommetveit

Studerte: Musikk grunnfag v/ Høgskulen Stord/Haugesund
-96/-97

Yrke i dag: Musikkprodusent i Kanal 24

Berte Rommetveit om studietiden

- Hvordan var studietiden?

Eg hadde ei kortvarig, men innholdsrik studietid. Medan eg gjekk på vidaregåande angra eg stadig på at eg hadde valgt allmenn. i stadenfor musikklina, så no fekk eg endeleg lært meg ein del grunnleggande om musikk.

Det sosiale var vel strengt tatt så tidkrevjande at det gjekk utover studiene. Eg budde på Elevheimen i eit slags kollektiv, første gong eg budde heimefrå, og det blei mange seine kveldar og tidlege morgonar med fine medstudentar.


- Hva er den morsomste episoden du husker fra studietiden?

Det eg hugsar best, som var eit høgdepunkt, var når sceneteppet gjekk ned etter at teaterlaget ved skulen hadde hatt première på "Gummelum" av Rune Belsvik, under min regi. Så stolt har eg sjeldan vore...!


Har du noen mindre heldige episoder å fortelle om?

For å vera heilt ærleg, så var eg ganske fed-up med skulegong etter vidaregåande, så noko god student kan eg vel ikkje seiast å ha vore. Det var eit par pinlege forsovingar, til dømes på Musikkhistorieeksamen der eg klarte å komma meg inn i eksamenslokalet akkurat før dørene vart lukka, og oppdager at genseren slettes ikkje er på rett vei og at sokkane frå i går heng og sleng ut av buksa. Det er slikt eg ikkje er spesielt stolt over, men som muligens går an å le litt av i dag...



Hva gjorde du på fritiden? 

Eg jobba ein del som vikarlærar på Rommetveit Skule, der eg sjølv var elev som liten. Ellers var eg som nevnt veldig aktiv i Teaterlaget på Høgskulen, noko som tok ein del tid.


Hva savner du mest og minst fra studietiden?

Eg saknar ein del av folka eg hang med der, som eg sjeldan eller aldri møter no til dags. Eg saknar ôg det engasjementet eg hadde for allslags, som kanskje er blitt litt mindre med åra...


- Til slutt; har du noen gode råd til dagens studenter?

Som det kanskje har gått fram av denne artikkelen, er vel ikkje eg, med mi korte studietid, spesielt godt skikka til å rådgje andre. Skulle eg fått dette året om igjen, ville eg likevel ikkje forandra på mykje, då det var ei svært lærerik og morosam tid!

LES OGSÅ: Min studietid: Håvard Tjora

Det beste er vel å kartlegga dine egne ambisjonar og behov, og så prøva å nå dei mål som synes attraktive for deg! Folk er så ulike når det gjeld slikt, at noko meir konkret synes eg er vanskeleg å sei