Er du glad i sushi? Nyare forskning viser at det slett ikkje alltid er så trygt som ein likar å tru.

- Huff, dette stimulerar jo ikkje akkurat sushi-appetitten, utbryt Martin Bengtsson, sushientusiast og student ved Universitetet i Oslo, til StudentTorget.

Han har nettopp blitt konfrontert med dei urovekkande resultata frå studium på parasitten kvalkveis, som viser at den svært ofte er tilstades i ubehandla fisk.

Halvparten av all villfisk har den motbydelege parasitten i fiskekjøtet. I sushilandet Japan blir eitt til to tusen menneske sjuke av den årleg , og om ein et rå fisk, kan den kvite og nesten gjennomsiktige rundormen føre til så store infeksjonar at legane trur det er kreft.

 

- Viktig å ta forhandsreglar

Universitetslektor Einar Strømnes ved Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo har nettopp tatt doktorgraden om kvalkveisen. Han fann parasitten i halvparten av fiskekjøtet han dissikerte. Strømnes hevdar likevel ein kan unngå å få i seg mykje av parasitten, så lenge ein passar på at fisken er riktig behandla.


- Det er ikkje meininga å skremme folk frå å ete sushi, men det gjeld å ta nokre forhandsreglar. I overeinstemming med norsk lov må ein fryse fisken i to dagar før den kan serverast. Dette kverkar 99 prosent av parasittane.

- Blant Sushielskarar i Japan derimot, er det kanskje slik at ein ikkje skal fryse fisken, og då aukar jo risikoen betrakteleg. Eg har til dømes sett eit bilete av ein stakkar som åt mykje ubehandla fisk, og merka at hukommelsen byrja å svikte. Då legen undersøkte hovudet hans med MR, var det fullt av kravlande larvar under topplokket hans, fortel Strømnes til StudentTorget.

LES OGSÅ: Italiensk pizza, Cannelloni, Ragu bolognese og lasagne

 

- Betre enn raudt kjøt

Dei vanlegaste symptoma på kvalkveisåtak er sterke magesmerter, diarè, kvalme og oppkast. Kvalkveis er likevel ein lite kjend sjukdomsårsak hjå nordmenn. Truleg blir langt fleire smitta enn det statistikken viser, og kvalkveisinfeksjon kan ofte forvekslast med magesår og magekreft.

Martin Bengtsson vert ettertenksom av å høyre om desse potensielle sjukdomsråkarane, men trur ikkje det vil endre kosthaldet hans.


- Litt rå fisk ein gong i blant er nok ganske sikkert betre enn den mengda raudt kjøt mange set til livs, og som førar til verre helseproblem i lengda, seier Bengtsson.

Dette er Are Sletta i Mattilsynet einig med Bengtsson i.

- Fisk er både sunt og godt. Dei fleste av oss kan trygt ete mykje meir av han, fastslår Sletta, i ein kommentar til Østlandets Blad.

 Faktaboks: Sushi


Sushi er Japans nasjonalrett og består av ris blandet med eddik, sammen med diverse toppinger (for eksempel fisk eller grønnsaker). Det er en vanlig misoppfattelse blant nordmenn at all sushi inneholder eller består av rå fisk. Det er ikke direkte feil, rå fisk er ofte en viktig ingrediens, men altså ingen fellesnevner.

Sushi gjorde sitt inntog i Skandinavia og Norge for noen år siden, da som en trend i urbane strøk. Idag er retten mye mer vanlig og akseptert, og mange nordmenn har begynt å lage sushi på egen hånd.

For sushi er selve råvaren viktig. For norsk sushi er kveite, piggvar, laks og tunfisk vanlig. Siden fisken serveres rå, er det viktig med forholdsregler. Parasittene Anisakis simplex og Pseudoterranova decipiens er vanlig i norsk villfisk, og for å drepe disse må fisken fryses ned til ÷20°C i minst ett døgn. Norske helsemyndigheter anbefaler at fisken har vært frossen i minst fem døgn før den brukes til sushi. Norsk oppdrettsfisk derimot er fri for parasitter og kan benyttes rå og ubehandlet.


Kilde: Wikipedia