Anten det er ei venninne, ein gamal kollega eller ein ny date du skal treffe, er kaffikortet ofte det enklaste og sikraste å bruke. Kaffibar på kaffibar vert fylte til randen av barnevogner, høge hælar og stresskoffertar. Kva er det eigentleg med denne kaffien?

  – Kaffi har i dag blitt eit synonym for å vere sosial, og kaffibarane rundt om i landet presenterer ein ny måte å vere i lag på, seier Erling Dokk Holm.


Erling Dokk Holm veit nemleg kva han snakkar om, for han har tilbringa mykje tid på kaffibar dei siste åra. Både aleine og i lag med andre, då han har skrive doktorgradavhandling om det sosiale aspektet rundt kaffi.


Han kan fortelje oss at veksten i talet på kaffibarar i Oslo dei siste femten åra faktisk har gått frå èin til fleire hundre.  Men også i distrikta har det skjedd mykje, og i dag har til og med mange av dei minste grendene rundt om i landet ein liten kaffibar å by på.  Og kaffien og kaffibarane samlar folket. Det er det ingen tvil om.



  – Svært mange drikk kaffi, og drikk ein ikkje kaffi, har kaffibarane mykje anna godt å by på,  så folket brukar dei jamt, konstaterer Dokk Holm.

LES OGSÅ: Carbonara, chili con carne, fish & chips, greske kjøttboller, fiskegrateng, linsesuppe

 

 

Den nye samlingsstaden


 

Kaffien har blitt det sosiale limet i samfunnet i dag, og kaffibaren på hjørnet har blitt den nye samlingsstaden. Men mange går også på kaffibarane for å drikke kaffi aleine.

Dei kan ønske å ta ei pause frå ein hektisk jobbdag, eller for å klarne tankane. Og det fine med kaffibaren er at ein faktisk får vere aleine, samtidig som ein er saman med andre. 

 – Kaffibaren presenterer ein ny måte å vere i lag på og er også ein av få offentlege stadar der det er sosialt akseptert å gå aleine. På ein kaffibar kan ein sitje heilt i si eiga verd, skulder mot skulder med eit anna ukjent menneske utan å utveksle eit ord. Her er ein i eit sosialt miljø, sjølv om ein er aleine, seier Dokk Holm.
Design har mykje å seie

 

– Mykje av grunnen til at det er sosialt akseptabelt å gå på kaffibar aleine, er den designmessige løysinga på kaffibarane i dag, med vindaugsbarar ut mot travle gater, meiner Dokk Holm.  


Om ein set seg der, er det ingen som stussar på at ein sit der aleine.
Det er nemleg ikkje berre kvaliteten på kaffien som tel når vi skal ut på kaffibar.
Interiøret og atmosfæren er det som er alfa omega  for om ein kaffibar trekker folk eller ikkje. Det må vere koseleg å sitje der, både i lag med folk og aleine.  Den moderne og innovative løysinga med vindaugsbarar og høge stolar ser vi også igjen i bibliotek, kjøkkeninnreiing og kontorinteriør i dag.
Så ikkje berre har kaffibaren fornya måten å vere i lag på, den har også forandra delar av måten vi innreier offentlege og private rom på.


 

 

Godt vande

Men sjølvsagt tel kaffien også. Kaffien må vere god for at du skal vende attende til ein plass. Og god kaffi er noko vi nordmenn veit å setje pris på. Mange har også flotte kaffimaskiner heime, så vi er godt vande. Derfor trur Dokk Holm at kjeder som til dømes Starbucks vil kunne slite med å etablere seg i Noreg.

 

  – Starbucks vil kunne gjere det godt på flyplassar og på jernbanestasjonar. Når det  gjeld marknaden på gateplan har vi såpass mange gode kjeder allereie, som leverer ypperleg kvalitetskaffi. Det vil vere vanskeleg for dei å nå opp i konkurranse med kaffien dei serverer, meiner Dokk Holm.

At kaffibarane vil døy ut har han slett inga tru på, trass i at annankvar nordmann skaffar seg espressomaskin i heimen sin. Den sosiale hyggja ein kaffibar fører med seg, er noko heilt spesielt. I sofaen heime sit ein nok. Vel du likevel sofaen ein kveld, kan du prøve deg på våre spennande kaffivariantar som enkelt kan lagast på kjøkkenbenken heime.  



 Kaffivariantar du kan lage heime

”KRYDDERKAFFI”
Dette treng du:
- 1/4 ts kanel
- 1/4 ts kardemomme
- 1/4 ts allehånde
- 2 dl mjølk
- Varm kaffi
Slik gjer du: Bland saman dei tørre ingrediensane saman med mjølka først. Hell det deretter over i kaffien og blant godt. Serverast i eit stort glas.

”VARM NYTELSE”
Dette treng du:
- Kaffi
- 3 dl mjølk
- 5-6 ruter lys kokesjokolade
- 1/4 ts kanel
- 1 ss appelsinskal
Slik gjer du: Varm opp mjølka til ca 70°C og smelt sjokoladen i ho. Bland deretter inn kanel og finhakka appelsinskal. Hell dette over i ein stor kopp og fyll opp med kaffi.


”POLKA COFFEE DREAM”
Dette treng du:
- Ein kopp varm kaffi
- Fire knuste polkagrisar
- Ei skei vaniljeis

Slik gjer du:  La polkagrisane smelte i kaffien, og rør om. Topp deretter med ei skei vaniljeis.
Kjelde: http://www.kaffe.no/