Gjer du eit Google-søk på studentar og alkohol, får du opp mange varselsteikn som fortel at studentar sine drikkevanar er livsfarlege. Har vi verkeleg fått eit alkoholproblem?

 

 Drikking blant studenter:

Unge voksne er den befolkningsgruppen som drikker mest, og studentene drikker minst like mye som andre i samme aldersgruppe.

Når studenter drikker, er alkoholinntaket ofte høyt; menn drikker seks alkoholenheter (tilsvarende 4 halvlitere øl eller seks glass vin), eller mer i nesten halvparten av drikketilfellene, mens kvinner drikker så mye i vel en fjerdedel av gangene de drikker.

Single mannlige studenter som bor i egen bolig eller kollektiv, er de som drikker mest. Gifte eller samboende kvinnelige studenter med barn, drikker minst.

Kilde: SIRUS

- Ja, meiner Knut T. Reinås leder i Forbundet Mot Rusgift (FMR).

Reinås seier at det er svært vanleg med ei høg grad av alkoholforbruk blant studentar. Rundt 1/3 har eit så høgt forbruk at det kan føre til alvorlege helseskadar.

- Tja, meiner sjetteårsstudent ved Universitetet i Bergen, Åsa Garshol Welle.

Garshol Welle trur likevel ikkje at den jevne student slit med alkoholen.

- Dersom ein skal kome seg gjennom studiane, kan ein ikkje ha eit alkoholproblem. Nokre få vil kanskje slite, men ein kan fint drikke alkohol nokonlunde regelmessig, utan at eg kan sjå at det blir en trussel for gjennomføringa av studiane, seier ho.

 

Her kan du teste ditt eget alkoholforbruk


Den vanedannande fadderveka

 

Kvart år er ein kvar faddervekeorganisator oppteken av å framheve at fadderveka ikkje skal vere ein fyllefest. Ein har tilbod om mykje anna, og det er frivillig å drikke alkohol. Kva skjer eigentleg i fadderveka som gjer at unge, uskyldige elevar forvandlast til vanedrikkande studentar?

- Fadderveka er liksom ein slags unntakstilstand, som ei ny russetid som varer den eine veka. Eg trur svært få tek med seg desse alkoholvanane inn i si komande studenttilvere, seier Garshol Welle.
Reinås i FMR oppfattar óg faddervekene som ei forlenging av russetida.

I motsetnad til Welle, meiner han likevel at dette er ein måte å organisere fylla på som skaper inntrykk av at studiar og alkohol høyrer saman.

- Ein introduserast til ein alkoholkultur som er vanskeleg å kome ut av. Drikkepresset er stort, og då er det vanskeleg å vere den som må stå utanfor, seier han.

 

 

Klarer ikkje seie nei

 

Men er du først tøff nok til ikkje å drikke, kan du vel vere tøff nok til å seie nei. Resten drikk fordi dei har lyst, ikkje fordi medstudentar utset dei for drikkepress. Eller?

- Studentkulturen bestemmer når, kor, kvifor og korleis ein skal drikke. Kva grunn har ein til å seie nei, når ein føler at det ikkje er i takt med studentkulturen? Ein sit ikkje i kvart enkelttilfelle og bestemmer seg sjølv, hevdar Reinås.

Vår bergensstudent er ikkje samd.

- Eg har aldri følt eit spesielt stort press. Ja, mange sosiale aktivitetar foregår rundt alkohol, men vi er da frie mennesker. Det er ingen som tvinger nokon til å drikke, og ein kan sjølv oppsøke alkoholfrie aktivitetar, seier ho.

 

 

Treng moralvoktarar

 

Dei er ofte framme i media, dei som er eldre enn oss, som har høgare moral enn oss, og som har meir humane drikkevanar enn oss. Alle med eit felles mål: å redde studentane frå ølflaska. Det kan verke som at alkoholbruken ikkje har positive sider i det heile. Likevel drikk vi.

- Problemet er at det som opplevast som positivt med alkohol er det som gjer at mange held fast på den. Dei positive effektane mange meiner alkoholen har, gjer presset enda sterkare, fordi fleire drikk. Dermed får det igjen negative verknader, seier Reinås.

På barneskulenivå får skulen skylda for mobbing og slåsting. Seinare får høgskulane og universiteta ansvaret for studentane sin fyllekultur. Kor mykje er det eigentleg rettferdig at studiestadene skal vere moralens voktarar overfor studentane?

- Studiestadene bør heilt klart ta ansvar. Dei som sit på toppen må vere ein ressurs for dei ferske, uerfarne studentane, seier Reinås.

- Til dømes kan ein legge opp til at fadderane må ta det store ansvaret dei har med å introdusere førsteårstudentane til gode alkoholvanar. Fadderane finn ofte ut at eit par øl lettar stemninga. Dette skaper eit inntrykk av at alkoholen er ein naturleg del av det komande studentlivet, seier han.

 

 

Alt går bra til slutt

 

Så vi har eit risikabelt alkoholforbruk. I Bergen finn ein kroneksempelet på dette: han er eldre, krokete, og held til på eit hjørne på Torgallmenningen. Han eig ein radio, ein sykkel og to posar tomflasker. Alle kjenner ein som kjenner ein som i si tid studerte med han. Er dette framtida for oss som fekk dårlege alkoholvanar på seinsommaren for nokre år sidan? Neppe.

- Når ein kjem ut i arbeidslivet er det andre reglar som gjeld, seier Reinås. Dei fleste vil truleg innordne seg desse normene, og redusere sitt daglege alkoholforbruk. Men dersom du har brukt 5-10 år på å etablere usunne alkoholvanar, kan det likevel bli vanskeleg å endre på det, seier han.

Garshol Welle trur óg at studentar entrar ein annan livsstil når dei kjem ut i arbeid.

- Vi skjerpar oss sikkert seinare. Men unge er vi berre éin gong, legg ho til.

Ekspertane med rapportane meiner altså at vi har eit problem, men studentane ser det kanskje ikkje sjølv. Heldigvis kjem det ein dag i morgon, utan flatfyll og studentrølp, når dei aller fleste av oss vil byrje å nippe forsiktig til vinen i staden.


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen: