(StudentTorget.no):
Her har du ei liste til hjelp når du skal analysere dikt. Nummereringa er noko vilkårleg. Skriv du ein diktanalyse som langsvarsoppgåve (stil), kan du plukke frå denne lista, men du bør i utgangspunktet ikkje nemne moment som du ikkje finn eksempel på, og du bør unngå oppramsing. Kunsten er å flette dei inn i tolkinga, som skal skrivast som ein vanleg prosatekst, utan avsnittsoverskrifter eller punktvise oppset. Hugs innleiing, gjerne om forfattaren, temaet, epoken eller alle deler.
A Den formelle sida av diktanalysen:
1. Strofe= ei gruppe vers som høyrer saman. Eit dikt kan ha ei eller fleire strofer.
2. Vers = ei strofelinje.
3. Rim =
a) Bokstavrim: Når ord med trykk tek til med same konsonant (allitterasjon) eller
ulik vokal (assonans). Allitterasjon kan vere lett å finne, spesielt i norrøne kvad, der ein er på utkikk etter dei:
Eitt veit eg som ikkje døyr
Dom om dauan kvar
b) Stavingsrim: Same språklyd f.o.m. den siste trykktunge vokalen. Vert oftast nytta som enderim sist i verset:
………skvett
………fiolett
Det er vanleg at stavingsrimet har same mønster i alle strofene, og vi leitar det fram. Det kan t.d. vere:
parrim: aabb
kryssrim: abab
kiastisk rim: abba
fletterim: abcabc
sekvensrim (kombinert parrim): aabccb
tiraderim: aaaaaaa
balladerim: 0a0a (0 står for manglande rim)
Merk deg at enjambement (versbinding) er eit uttrykk for at meininga er delt på fleire liner. Eksempel frå Jon Fosse si diktsamling Engel med vatn i augene (1986):
II
Stadig fjernare, bort. Fjernare
og stadig nærmare.
LES OGSÅ: NORSK STIL: ROMANANALYSE
Vi kjem òg over dikt som har doble stavingsrim, d.v.s. både innrim og enderim.Eitt eksempel er Petter Dass sin salme "Herre Gud, ditt dyre Navn og Ære", eit anna Rudolf Nilsen sitt ”Nr.13”:
De spør hvor nr.13 er – vår kjære gamle gård?
Den ligger inni gaten her hvor nummer ”13” står,
og De kan se hvor svær den er, så langt kvartalet når
c) Dikt utan rim. Til ettertanke: Kva gjer så teksten til eit dikt?
4. Typografisk utforming: Iblant talar vi om grafiske, skulpturelle eller visuelle dikt. Diktet er sett opp
typografisk på ein spesiell måte for å gje eit hint til lesaren. Eksempel: Jan Erik Vold sitt
LES OGSÅ: NORSK STIL: TEKSTANALYSE
dikt ”Bølgje”, forma som ei bølgje og med eit innhald som speglar forma.
5. Rytme: I klassiske dikt finn vi alltid ei gjenteken rytme. Eit eksempel er Dorothe
Engelbretsdotters salme ”Aftensang”,som er gjennomført rytmisk: - U – U – U -
Det kan vere lurt å lære namnet på nokre mønster, spesielt jambe og troke.
Jambe: U – (lett-tung)
Troke: - U (tung-lett)
Anapest: UU – (lett-lett-tung)
Daktylos: - UU (tung-lett-tung)
Når eit vers endar på ei trykktung staving, seier vi at ho har mannleg (-) utgang.
……………………….. trykklett ………, ………………:..kvinneleg (U)……..
B Den semantiske sida av diktanalysen
1 Motiv: Hovudinnhaldet i diktet. Det kjem gjerne fram ved at vi tolkar bileta i det. Det kan vere naturleg å ta for seg biletbruken i tilknyting til definering av motivet.
LES OGSÅ: NORSK STIL: ARTIKKEL
2 Tema: Kva diktet eigentleg handlar om. Det kjem fram gjennom motivet og kan ofte uttrykkjast med eitt ord: kjærleik, ungdom, livet.
3 Stemning: Lyrikk skildrar ofte ei stemning: sorg, glede, fortviling, ekstase, sakn, vemod….Vel eventuelt ut dei orda eller sekvensane som fortel noko om stemninga. Kan hende seier stemninga noko om diktaren si livsoppfatning?
4 Livsoppfatning: Gjennom diktet utrrykkjer poeten ei livsoppfatning som det kan vere relevant å seie noko om. Ver varsam her.
5 Det uventa nye: I lyrikken er orda alltid samansett på ein ny og gjerne uventa måte.
Eks. Jan erik Vold: “Så lenge”:
LES OGSÅ: NORSK STIL: KÅSERI
det er håp, er det
skuffelse, så lenge Diktet er dessutan eit
det er skuffelse eksempel på allusjon.
er det liv, så lenge
det er liv, er det
håp – rekker det?
Vold tek utgangspunkt i eit sitat og spinn på det. Det gamle, slitne uttrykket
inneheld meir enn vi hadde tenkt oss: “Så lenge vi har for store håp, vert vi vonbrotne.”
6 Biletbruk:
a) Personifisering/Antropofisering: Når noko får menneskelege eigenskapar. Eks. “Livet smiler til dei.2
b) Besjeling/Animering: Når døde ting får liv. Eks. “Vinden pusta oss i nakken.”
c) Metafor: Eks. frå “Mig selv” av H. Wergeland: “Hvess Eders reveklør”.
LES OGSÅ: NORSK STIL: ESSAY
Her er reveklør ein metafor for pennefjør, men det er ikkje alltid like lett å
seie nøyaktig kva metaforen står for.
c) Simile: Her er det lagt inn eit som, liksom eller liknande. Eks. frå “Mig selv”: “Som insektets stikk i muslingen avler fornærmelser kun perler i mitt hjerte.”
d) Symbol: Eit bilete som har ei fast referanseramme. Eksempel: Hjarte, kross, rose.
Er fleire av bileta tekne frå eit spesielt emneområde? Frå sjølivet, vegetasjonen, religionen, bylivet, ei spesiell årstid…? Dersom svaret er ja, må du nemne det som del av analysen og tenkje over i kva grad det styrer tolkinga.
Det finst dikt som har få eller ingen bilete. Eks. “Gamle Grendi” av Ivar Aasen.
7 Bruk av sansar. Eks. auditiv, visuell, olfaktorisk, kinetisk, taktil. Bruk gjerne norske nemningar.
8 Kontrastar: kan finnast på mange plan. Finn dei!
9 Analogiar: Iblant er dikt oppbygde slik at det ligg fleire lag eller plan i diktet. Eks. “Pot-au-feu” av Annie Riis (utdrag):
Kvinnen tente ild under gryten
- Athens borgere dro til Troja.
Hun helte vann i gryten
- Caesars legioner dro inn i Gallia.
Hun skar flesket i terninger
- Borgerne bygget Europas katedraler.
Osb.
10 Gjentakingar: kan dreie seg om ord, setningar, bilete, motiv… Eks. sjå diktet over.
11 Ruptyr: Tyder brot. Er der eit tydeleg brot i innhaldet? Svært vanleg. Eks. “Du vil berre vera” av Olav H.Hauge: Først 12 liner om kva deler av ein busk vi ikkje vil vere, slik som barken, tornane og greinene, til slutt to linjer om kva vi vil vera, nemleg blomen. Før dei to siste linjene er der altså ein ruptyr. Dette er òg eit eksempel på kontrast.
12 Onomatopoetikon= Lydhermingsord. Eks. bææ, tøff-tøff. (fleirtalsform: onomatopoetika)
13 Lyrisk eller episk dikt? Episke dikt fortel ei historie. Eksempel: Welhavens “Dyre Vaa.” I eit reint lyrisk dikt er det framtredande ei stemning eller ei kjensle.
14 Synsvinkel. “Eg”- eller “han”-dikt? Synsvinkel er vanlegvis noko vi er opptekne av i analyse av prosatekstar, men det kan vere aktuelt å ta med i analysen her òg.
15 Ordklassebruk: Eks. på problemstilling: Mange adjektiv? Er adjektiva eventuelt skildrande eller vurderande?
16 Aforisme: Eit uttrykk frå litteraturen som har blitt eit fyndord. Sjå eksempelet i 6c.
17 Funksjon: har diktet hovudsakleg ein estetisk, ein ekspressiv, ein appellativ eller ein informativ funksjon?
18 Forfattarintensjonen: Kva spesifikt er det diktaren vil oppnå med diktet? Dette momentet er knytt til det førre punktet. Kva vil ho informere om, overtale oss til, gje oss ei estetisk oppleving av…?
19 Denotativt innhald samanlikna med konnotativt (kulturelt relatert assosiasjons-) innhald. Er det stor sprik her? Kvifor?
20 Undertekst(ar). Det som eventuelt står å lese mellom linene og som seier oss at diktet kan hende handlar om noko anna enn det vi i første omgang trur. Iblant vil kunnskap om forfattaren eller situasjonen diktet vart skrive i, hjelpe oss til å tolke på ein fornuftig måte.
21 Epoke: Er diktet typisk eller utypisk for den litterære epoken det vart eller er skrive i?