StudentTorgets utsendte hadde blanda forventningar før vitjinga av NITH-kroa i Oslo. Meldingane på førehand var gode, det skulle dukke opp ein del menneske i kveld. For anledninga var det hyra inn to stå-opp komikarar, noko som skulle være populært for datafolket. På veg til kroa mora vi oss med enkle vitsar på nerdars bekostning, og småhumra oss inn i lokala i enden av Bussterminalen. Vel inkomne fikk vi ein kort prat med økonomiansvarleg i studentforeninga, norlendingen Kai Inge Johansen:

NITH-Kroa i Oslo

(NITH Oslo)
Adresse: Enden av bussterminalen mot aust

Åpningstider:
Ein fredag i månaden

Ølpris: 26 kroner for 0,4L Hansa

Spesielt: Opphaldsrom på dagtid - omgjort til kro på kveldstid

 

-          I kveld blir det trøkk, vi forventar over 100 studentar i kveld. Vi er kanskje nerdar på dagtid, men på kveldstid tek vi heilt av!

 

Prisane i baren fekk dei utsendte sunnmøringane i godt humør, og vi slo oss godt til rette i ei sittegruppe. Og humøret vart enda betre når reklama på prosjektoren annonserte happy-hour frå ni til ti. Men vi vart noko einsame i sittegruppa - det var tydeleg at alle kjente alle utanom oss. Vi følte oss litt som den eksterne harddisken plassert utanfor kabinettet. Men dette skulle betre seg seinare.

 

Det nærma seg stå-opp-gutar på scena og happy-hour i baren, og dette gav seg klare utslag i folkemengda. Før klokka slo ni var det nærmare 80 forventningsfulle studentar tilstades, og med god hjelp av den dyktige komikaren Nils Ingar Aadne steig stemninga til nye høgder. Høgdepunktet var når ein forelesar, som hadde funne vegen til kroa, fekk spørsmål om han var den kulaste læraren på skulen. Han repliserte då kjapt: - Nei, berre den fullaste.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og fulle skulle alle bli. Etter endt show kjørte platesnurraren på med tunge rytmer, og dei tørste studentane fann raskt vegen til bardisken. Ikkje minst jentene, som var noko i undertal, synte seg villige med glas mot trut, og det einaste som minte om Apple var sideren som gikk på rundgang blandt jentene. Vi kjøte oss ei ny øl, og gleda oss til fortsettelsen.

 

Danskebåt-feelingen auka i takt med tilstrauminga til dansegolvet, og snart var alle jentene og mange av gutane i full svingom. Det var klart for oss at jentene hadde ein del konkurransefortrinn, sidan etterspørselen var større enn tilbodet – noko enkelte av dei visste å forvalte på ein god og solidarisk måte. Litt til fleire, istadenfor mykje til ein.

 

Og i motsetning til den noko trege starten, viste det seg at utover kvelden vart miljøet berre meir og meir inkluderande. Allsongen ljoma, skålinga skjedde over ein lav sko – og alt toppa seg når begge StudentTorgets utsendte, uavhengig av kvarandre, vart høflig invitert til å pisse i kryss. Begge takka nok nei, men slike tilbod i ei lang og trengande dokø blir satt pris på.

 

Etter ein innhaldsrik og hyggeleg kveld på NITH-kroa, satte StudentTorgets utsendte nasa heimover.  Og ein kan ikkje seie noko anna enn at dette var ei flott oppleving. Vi er imponerte over at 100 av skulens 400 studentar fann vegen, og samstundes at omlag 30 av dei var jenter (av totalt 50 på skulen).  Vi takkar for besøket, og håpar på snarlig retur.

 


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: