(StudentTorget.no):

Med hendene i lomma og skatesko på føtene kjem han avslappa inn i lobbyen på Hotel Royal Christiania som om han var kven som helst. Smilande og blid strekkjer han fram handa og presenterer seg med fullt namn. Dette er ingen kven som helst.

Aksel Hennie er full av energi og glede, og lev livet vi alle skulle ønske vi var ein del av: Han har eit stort hus med hage, ein nydeleg kjærast, og ein jobb han elskar. Også er han jo så kjekk og folkeleg i same slengen. Aksel er ei stjerne, den største norsk film har å by på.
Noregs Brad Pitt. Ein treng stjerner som Aksel for at norsk film skal lukkast.  Han er på mange måtar kanskje Noregs svar på Brad Pitt.

– Men han er da mykje kjekkare enn meg, seier Aksel fort då han blir konfrontert med dette synspunktet.

Også ler han. Og fører fort samtalen over på noko anna. Han let ikkje komplimenta han får gå nemneverdig innover seg.

– Eg klarer ikkje heilt å sjå det sjølv, men eg har fått ein posisjon i norsk film, og eg er veldig glad for at eg får lov til å ha den posisjonen, seier han beskjeden.

Og ein posisjon har han absolutt fått. Eller, ikkje fått, men jobba for. Aksel er både manusforfattar, regissør, og sist men ikkje minst, skodespelar, og har vore fast inventar på kinolerretet over heile landet sidan vi såg han i filmen Johnny Vang for åtte år sidan. Det ligg nok mange søvnlause netter, sveitte skjorter og salte tårer bak suksessen og fenomenet Hennie.

 

MULTIKUNSTNAR: Aksel Hennie meistrar alt frå graffiti og måleri, til scene- og filmkunst.
Folkets mann

Folket elskar Aksel, filmkritikarane elskar Aksel, og mediane elskar Aksel. Sistnemnde elskar sjølvsagt også sambuaren hans, songaren Tone Damli Aaberge og dei spekulerar fritt i om eit giftarmål snart er på trappene. Dei er superparet dei to, og har i lag pryda forsidene på så å seie samtlege tabloidaviser siste åra. Men privatlivet er privat for Aksel, og ikkje noko han brukar å prate altfor mykje om. Film derimot, det snakkar han gjerne vidare om. På ein like audmjuk måte som før.

–  Eg har teke nokre riktige val i forhold til kva manus og filmar eg har blitt med på, også har eg vore heldig i forhold til dei filmane eg har vorte spurd om å gjere. Og sjølvsagt vore heldig som har fått mulegheita til å utvikle meg som skodespelar i norsk film.

No er han aktuell i heilt nye prosjekt igjen. Denne gongen som den kunstglade karakteren Roger Brown i filmen ”Hodejegerne”, basert på boka med same namn, skrive av Jo Nesbø.

 

Glad i menneske

– Kunne du vore ein god hovudjeger sjølv?

– Eg trur ein må vere temmeleg kynisk om ein står i den situasjonen han er i, - ein kan ikkje bli knytta til folk. Og eg blir jo så innmari glad i folk, nærmast ropar han ut. –Eg synest jo at dei fleste eg møter er sjukt bra folk.
Dei blå auga hans gløder, og hendene flaksar utover slik at dei som går forbi nok trur at Aksel demonstrerer vengespennet til ein albatross. Så glad blir Aksel i folk. Så glad.

Noko yrkesskifte vert det med andre ord ikkje med det same, men akkurat kunstinteressa deler Aksel med Roger Brown.

– Akkurat så mykje dyr kunst eig eg ikkje, og det handlar nok meir om mangelen på økonomi til å kjøpe det. Men eg har ein god del kunst, og er lidenskapeleg oppteken av det. Hadde eg ikkje vore skodespelar, hadde eg vore kunstnar i dag, seier han.

 

Fire gonger

Men Aksel er strengt tatt allereie ein kunstnar. Han meistrar alt frå graffiti og måleri, til scene- og filmkunst. Då han gjekk på vidaregåande, gjekk han på estetisk linje med teikning, form, farge, samt drama og musikk. Han dreiv mykje med både kunst og måling på fritida, og det var dette sporet han hadde planar om å følgje. Men tilfeldigheitene, i følgje han sjølv, ville det annleis.

– Då eg gjekk på skulen der, var eg med på revy og fekk gode karakterar i drama utan å gjere noko for det, så det funka på ein måte med det same, og eg elska kjensla eg fekk av det. Og sidan har det liksom blitt sånn da, seier Aksel.

Etter dette søkte han på Romerike Folkehøgskule, og medan han gjekk der,  byrja alle å snakke om Teaterhøgskolen.

– Så søkte eg på Teaterhøgskolen da, heile fire gongar før eg kom inn. Og deretter merka eg at det berre vart viktigare og viktigare for meg å halde på med det, fortel han.

Med andre ord har ikkje Aksel alltid visst at det var skodespelar han skulle bli. Ikkje i følgje han sjølv i alle fall.

– Spør du meg, så visste eg det aldri, det var berre tilfeldige val som gjorde at eg kom hit eg er no, men spør du foreldra mine, så seier dei at eg alltid har visst det.

 

Draumen om utlandet

Fakta om Aksel Hennie:

✔Fødd 29.oktober 1975.

✔Vaks opp på Lambertseter i Oslo.

✔Utdanna ved Statens Teaterhøgskole. Her måtte han søke fire gongar før han kom inn. Ferdig utdanna i 2001.

✔Sist aktuell med Hodejegerne, etter ei bok av Jo Nesbø, og filmen Age of Heroes – ein britisk film som spinn rundt hendingar under andre verdskrig.

 

Aksel ensar ingen rundt seg. Akkurat no er han godt utanfor landegrensene og langt inne i filmen ”Age of Heroes” og andre verdskrig. Han fortel om engelskaksenten han har i filmen og ler godt og høgt av seg sjølv i eit lite augeblikk.

–  Kunne du tenkt deg å satse på meir film i utlandet?

– Eg kunne absolutt tenkt meg å spele inn meir film i utlandet, men familiesituasjonen min tillet ikkje at eg berre flyttar og går etter den draumen,seier Aksel. Han har ei dotter frå eit tidlegare forhold, og prioriterar sjølvsagt henne framføre alt anna.

– Dersom eg skal jobbe i utlandet, må det vere fordi eg får ei faktisk filmrolle der, men det er meir ein draum enn eit konkret mål. Kjem sjansen, så tek eg han på sekundet, men det er ikkje noko eg jobbar aktivt for, seier han drøymande.

 

Nytt manus på gang

I tillegg til å vere far, sambuar, skodespelar og regissør, er også Aksel manusforfattar på si.

– Det er snart 8 år siden eg kom med Uno, så det er klart eg skriv. Eg har i grunn skrive litt no og då sidan Uno kom ut. Ein kan ikkje berre lage film for å lage film, ein må lage ein film som betyr noko for både ein sjølv og for publikum. Det er det det heile handlar om. Dessutan likar eg å ha ein jobb som eg ikkje har deadline på, seier han med eit smil.

Men kva dette manuset handlar om, vil han ikkje røpe med det første.

– Eg føler at dersom ein seier veldig mykje om eit prosjekt før det er ferdig, så har det ein tendens til  ikkje å bli noko av. Eg har lyst at det skal bli noko av det. Difor vil eg ikkje ut med det, seier han.
Likevel kan han røpe at det blir tematisk likt ein del av dei filmane han sjølv har vore skodespelar i, og også Uno, men likevel ikkje heilt likt.

– Nokre filmar kan ein like fordi dei er kule, fordi ein bil køyrer fort, eller at ein fyr ser kul ut. Men nokre filmar, - dei eg ønskjer å vere med på, og dei eg ønskjer å lage- dei har den bilen som køyrer fort og den kule fyren, men den fyren, han føler det same som meg. Og har ei meining, seier Aksel, som har vorte meir og meir engasjert medan han pratar.

– Og, så lenge det er eit bra manus kan eg gjere kva som helst. Det er det alt står og fell på. Dersom det funkar, gir eg hundre prosent faen i kva sjanger det er, seier Aksel bestemt.

«Dersom det funkar, gir eg hundre prosent faen i kva sjanger det er»

 

Heilt privat

No er Aksel Hennie ein av landet sine største superstjerner. Men vegen hit har ikkje berre vore ein dans på roser, noko tabloidpressa si evige jakt på overskrifter har passa på å hente fram i dagslyset.  Aksel er framstilt som alt frå ein norsk filmmessias, til ein svoren bad guy. Som då Dagbladet avslørte korleis Aksel på 90-tallet blei dømd for grovt skadeverk og blei utpeikt som ein del av ein kriminell vennegjeng på austlandet. Aksel vart dømd og bøtelagt for tagging, og hendingane han gjekk gjennom her la grunnlaget for manuset til filmen UNO, som også var Aksel sin regidebut.

– Trur du bakgrunnen din har hjelpe deg gjennom karriera di?

–  Ja, definitivt. Eg har opplevd mykje, og har ein stor bank og hente både hendingar og kjensler ut ifrå. Eg trur at dess mindre beskytta liv ein har hatt, eller dess meir ein har opplevd i livet, dess betre kan ein takle det livet vidare har å by på. 

Han snakkar stille og roleg med den mjuke og nesten hypnotiserande stemma vi har høyrd så mange gonger før, men det er noko meir alvorleg over henne denne gongen.

–  Erfaring og historikk er alfa og omega når det kjem til skodespelaryrket. Ein bør jakte etter å oppleve og ein bør delta aktivt i livet sitt, på godt og vondt. Det ynskjer eg som menneske og som skodespelar, seier Aksel med ei stille røyst.

 

Reality-TV

Aksel brukar ein del av fritida si på å sjå både film, fjernsyn og seriar når han har tid. På TV er HBO-seriar favoritten, men til og med Paradise Hotel droppar han innom no og då.

– Om du skulle tenke ut eit realityshow her og no da, kva hadde det innehalde?

Aksel tenkjer seg om vel og lenge, før han køyrer på med sitt saftige konsept.

– Då hadde eg, om 20 år, fylt opp eit rom med borna til alle Paradise Hotel deltakarane. Så hadde eg slått på eitt fjernsyn som køyrde alle episodane som foreldra deira var med på i loop,- og alle måtte sjå på heile tida. Og den personen som held ut lengst der inne - han vinn.

Om det vert noko av dette realitykonseptet gjenstår det å sjå. I mellomtida får vi nyte kvar ei historie og kvart eit augeblikk, om så berre på eit kinolerretet eller i finstasen i ulike magasin. Vi kjem aldri til å få nok av Aksel Hennie. Han er jo tross alt Noregs Brad Pitt. Eller James Bond. Vi ventar berre på at han skal be om eit glas martini der han står og gløder.

Denne reportasjen er også publisert i studentmagasinet Campus.


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: