Annonse

 

 

 

«Ich bin ausländer und spreche nicht gut deutsch». Røykskya står, men Adrian har full kontroll på purka som freser i gryta. Den spesielle tyske finishen lar vente på seg i form av ein røyndom i løyndom.

– Kvifor Schweinebraten?

– Det var det fyrste eg tenkte på då eg vart oppmoda om å lage noko tradisjonelt frå Tyskland, forklarar Adrian, medan han tastar nummeret til mor i Tyskland for å rådføra seg med henne om korleis han sko gjere dette med at potetane vart kokte for lenge.

– Mach kartoffelbrei aus dem! Lyd det frå telefonrøyret.
Det var tysk og tyder «lag potetmos av det». Eit knakande godt råd frå den tyske mora hans. For med mjølk og smør blanda i potetane, vert resultatet ei framifrå potetstappe.

- Men dette var planen heile tida, altså, forklarer Adrian.

Etter at brannalarmen har gjenge for femte gongen, ligg endeleg purka på tallerkenen og godgjer seg blant potetmos frigjort for klumpar, samt raudkål og brun saus laga frå botnen av.

– Aah...det schmaker som mamma! utbryt Adrian og gaflar i seg. Attpåtil vegetarianarjournalisten maktar ikkje seie nei til saftig svineskinke med stolt tradisjon. Fotografen har allereie ete opp, og ber pent om ein ny porsjon. Og ho får.

– Kva er løyndomen bak så saftig ei skinke, Adrian?

– Det er eine og åleine krydder i vatnet som må få trekkje uforstyrra inn i kjøtet, svarar han og legg med eit ekte tyskarglis til at tysk røyndom nok er avgjerande for resultatet.

 

SCHWEINEBRATEN FOR FIRE PERSONAR

Ingredienser:
- 1,5 kg juleskinke
- Poteter
- 0,5 l kraft frå skinka
- 4 ss mjøl
- Gemüse kraftbuljong
- Salt og peppar
- Vatten
- Raudkål
- Salatblader
- Margarin
- Sukker

Fremgangsmåte:

Legg 1,5 kg skinke smakleg tilsett godt med salt og peppar i ei høg panne. Steik kjøtet godt på kvar side. Hiv steika i omnen. Få ei sprø skorpe ved å setje varmluft på 250 gradar. Bland Gemüse kraftbuljong i eit glas vatten, med salt og peppar. Dette utgjer ca. 4 liter væske som du heller over purka, og lar trekke inn. Slik held ho seg fuktig, ved at du vrir og vendar ho i krafta. Purka er ferdig til å serverast når du kan stikke ein gaffel i ho og dra den attende utan mykje motstand. Hugs å ta vare på krafta frå steika, den skal brukast i sausen!

 

Heimelaga brun saus på tyskarvis:

Ha ca 0,5 liter av krafta frå steika i eit glas og tilset 4 spiseskjeer mjøl. Held i ei gryte og kok opp mens du rører. Tilset vatten om sausen vert for tjukk.

Raudkål:

Ta ein bolle med vatn og tilset 1 spiseskjeer margarin, salt, peppar og litt sukker. Kok det raude kålhovudet i 1-1,5 timar på beskjeden varme. Når alt vatnet er koka ut av kålhovudet, er det klart til servering.

Potetar eller mos:

Skrell potetane. Hiv i ei gryte med vatn og salt. La koka i 30 minutter. Kjenn med gaffel; er dei lette å stikke gaffelen i, er dei ferdige. Gjeng det for lett, så lager tyskarane mos og latar som om det var planen heile tida.

Mos på tyskarvis

Det ein kan lære av tyskarane sin stolte mattradisjon, er at om potetane sko koka for lengje, kan ein alltids laga mos av dei. Det gjer ein på ekte tyskarvis ved å lata som om det var i tankane helt frå byrjinga. Det er også viktig å understreke at om brannalarmen sko gå av, så er det bare ein del av planen.

Hugs: Dette krev gjennomføring, med heva hovud og utfråvikeleg insistering.