Student-Oslos feteste utescene?
Campus Kristiania er som kjent den nye heimen til Norsk Reiselivshøyskole, Oslo Markedshøyskole, Norges Merkantile Fagskole, Norges Kreative Fagskole og NKS Fjernundervisning. Bygget er totalrenovert, og framstår som ein ypperleg stad for kunnskap og trivsel. Og når vi fikk sjå utescena (kanskje student-Oslos beste) som var plassert i bakgården mellom bygga, blei vi fort samstemte om at dette også var egna til festlege lag.
På plattingen var det plassert ein stor grill, men det måtte også til for lambet som i si heilheit vart steikt. Ein plateryttar stod for god musikk frå ”slottsbalkongen”, og for å gjere stemninga heilt topp i solskinet var det plassert hengekøyer og sakkosekkar rundt om kring.
Det var heller ikkje berre studentar som var tilstades denne kvelden. Til og med administrasjon og undervisningspersonell var klare for fest. Dette la inga demping på festen, snarare tvert i mot, og vi lot oss imponere av den gode stemninga.
Omlag klokka ni vart gjestane overraska av eit show på plattingen. Omlag 20 utøvarar av Capoeira (afro-brasiliansk kampsport) varta opp med smidig og elegant dans/kampsport, til stor begeistring frå dei omlag 400 studentane. StudentTorget lot seg begeistre, og vart endatil beden opp til Samba-dans mot slutten av showet.
Nærare halv elleve var det klart for kveldens store attraksjon og trekkplaster; Mira Craig. Med fengande rytmer, rumpevrikking og gode låtar vann ho publikum.
Og vi nytta anledninga til å spørje to studentar om deira forhold til artisten (Stine og Helle):
- Mira Craig har vi ikkje et særlig forhold til, sett bort frå ymse songar høyrt på radio. Vi håpar ho er klar for stage-diving, men tvilar nok på at det skal skje.
LES OGSÅ: Nerdanes hevn - Studentbaren på NITH
Og når det gjaldt forhåpningar til festen vidare:
- Denne festen tar kjempe-av i kveld, det blir en fest av dimensjoner!
Etter endt konsert var det på ny platesnurraren som sto for musikken, og studentane dansa seg heftig inn i dei seine nattetimar. Og på veg heim etter ein heftig kveld oppsumerte StudentTorgets utsendte kvelden: Omgivelsane for konserten, den flotte utescena, gode ølprisar, sommarnatt, kjekke gutar og søte jenter bidro sterkt til at dette vart ein høydare. Ein av dei bedre studentfestane i år!
Kveldens Studine: Susanne (21)
Kva tykkjer du om festen?
LES OGSÅ: Studentenes hus - BI Oslo sin studentbar
- Dette er ein kjempefest, eg svevar på ei sky av lykke. Eg elskar latinorytmer og denne musikken passar meg ypperleg.
Kva er dine ynskjer for framtida?
- Vinne Gullfisken!
Kva ser du etter i det motsatte kjønn?
- Snilde auge
Kveldens Student: Savyo (26)
Kva tykkjer du om festen?
- Dette er den beste festen til no. Mira Craig er eit bra trekkplaster, arrangørane har gjort ein kjempejobb, flott innsats frå skulen og jentene her er nydelege.
Kva er dine ynskjer for framtida?
- Starte mitt eige øko-venlege selvgjerande designhus
Kva ser du etter i det motsatte kjønn?
LES OGSÅ: It's getting hot in here
Rygg, auge, rumpe, lår, mage og brøst. Men viktigast av alt: Utstråle sjøltillit.