Ungdom med innvandrarbakgrunn er ein suksess i høgare utdanning, men det er det få som skriv noko om.

– For meg var det alltid naturleg å vere ambisiøs, seier økonomistudent Javad Mushtaq. Nordmannen med foreldre frå Pakistan har utmerka seg både fagleg og sosialt ved handelshøgskulen BI. Ved sida av glimrande akademiske resultat, har han oppretta eigne føretak så vel som det første muslimske studentsamfunnet på skulen. I år vart han kåra til årets økonomistudent av interesseorganisasjonen Siviløkonomene.

– Eg tykkjer jo at eg har klart integreringa bra, og difor ser eg på meg sjølv som eit naturleg bindeledd mellom minoritetane og det etnisk norske, seier han.

Som ein av dei første pakistanarane i Noreg kom faren til Javad hit for rundt 30 år sidan. Gjennom oppveksten i Halden fekk Javad stadig høyre kor viktig utdanninga var for dei framtidige moglegheitene hans.

– Foreldra mine motiverte meg, men eg tykkjer også det norske skulevesenet var gode på å framheve fordelane med utdanning frå tidleg alder av. Dette har nok også motivert andre med innvandrarbakgrunn i Noreg til å arbeide flittig og målretta.

 Innvandrar i den norske skulen:

✔ 90 prosent av alle ungdommar mellom 16 og 18 år går i vidaregåande skule. For førstegenerasjons innvandrarar var andelen 70 prosent og for andregenerasjons innvandrarar 88 prosent.
✔ prosent av alle som fullførte vidaregåande skule byrja i høgare utdanning same haust. Andelen blant førstegenerasjons innvandrarar var 30 prosent, og blant etterkomarane byrja heile 45 prosent i høgare utdanning.
✔Andelen studentar i aldersgruppa 19-24 år er 30 prosent for heile befolkninga, 18 prosent blant førstegenerasjons innvandrarar og 35 prosent blant etterkomarar.

Kjelde: Wikipedia og SSB.

 

 

Etterkomarane betre enn nordmenn

For Mushtaq er langt ifrå åleine som såkalla etterkomar, ein som er fødd i Noreg med ikkje-vestlege innvandrarar som foreldre, i høgare utdanning. Målingar Statistisk sentralbyrå (SSB) gjorde i 2007 syner at 35 prosent av etterkomarane i alderen 19-24 år var i gong med høgare utdanning. Til samanlikning var andelen i heile befolkninga 30 prosent for same aldersgruppa.

Den gode statistikken er spesielt oppsiktsvekkande fordi etterkomarar skårar lågare enn ungdom utan innvandrarbakgrunn i andre faktorar som kjenneteiknar dei som tek høgare utdanning, slik som foreldras utdanningsnivå, inntekt og yrkesaktivitet. Det ser altså ut til at etterkomarane foreserer sosiale "barrierar" ungdom utan innvandrarbakgrunn ikkje gjer, og ender opp med betre representasjon i høgare utdanning.

Javad Mushtaq er sjølv eit eksempel på dette, då han kjem til å ende opp med høgare utdanning og inntekt enn sine foreldrer. Han trur ikkje at dei innvandra foreldra sitt utdanningsnivå nødvendigvis er så avgjerande for kva borna vel når dei veks opp.

– Eg trur nok det mest avgjerandeer  at foreldra ser kor viktig det er med skulegong. Den sikre økonomiske framtida utdanning gir, styrkar nok også  oppfordring deira til borna sine.

 

Vil ha andre liv enn foreldrene.

Arbeiderparti-politikaren Hadia Tajik peiker også på at manglande utdanningsnivå hjå foreldra faktisk kan vere ein ekstra motiverande faktor.

– Etterkomarane har sett foreldra sine kave i fysisk krevande jobbar og tenkt: «Dette ønskjer eg ikkje for meg sjølv». Førstegenerasjons-innvandrarane møter derimot andre og større utfordringar. Her er god språkopplæring den viktigaste døropnaren til høgare utdanningsinstitusjonar. Det er tungt å ta høgare utdanning på eit språk ein ikkje meistrar så godt. Det veit alle som har studert litt i utlandet, seier Tajik.

For – som Tajik antyder – statistikken for førstegenerasjons innvandrarar er svakare. Her er det berre 18 prosent i aldersgruppa 19-24 år som tek høgare utdanning. Det ser likevel ut til at utjamninga også er godt i gong her. Frå 1997 til 2006 auka andelen av gruppa i høgare utdanning med 5,8 prosentpoeng. Til samanlikning auka andelen frå befolkninga totalt med berre 2,4 prosentpoeng.

Mohammad Usman Rana, legestudent og tidlegare leiar for Pakistansk studentsamfunn, hevdar at den lågare deltakinga ikkje er eit teikn på manglande integrering, men ofte bestemt av livssituasjonen til innvandrarane når dei kjem hit.

– Mange i førstegenerasjonen er i ein alder og ein livssituasjon der det er økonomisk vanskeleg å ta høgare utdanning. Samstundes er det mange i førstegenerasjonen som ikkje har høgare utdanning når dei utvandrar til Noreg, seier Rana.

Javad Mushtaq meiner derimot at grada av integrering i det nye samfunnet er viktig, og at ein difor må rekne med at ein generasjon passerer før innvandrarar er godt nok integrerte i samfunnet.

– Eg trur tid er avgjerande. Kulturen ein tek med seg, er ofte såpass inngrodd at førstegenerasjonsforeldrer ikkje klarar å viske ut skilnadene. Ein kan kanskje sjå seg blind på eigen kultur.

 

Negativ mediedekning

Gode tal frå ungdom med minoritetsbakgrunn i høgare utdanning er noko som har vore kjent i lang tid. Allereie i 2002 hadde etterkomarane, etter lang tid med stadig betre resultat, sterkare representasjon i høgare utdanning enn befolkninga for øvrig. Media si dekning av integreringa har likevel i liten grad spegla denne suksesshistoria.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) la i 2009 fram rapporten «Medieskapt frykt og usynlig hverdagsliv». Den syner at omtalen av innvandring og innvandrarar langt oftare har fokus på problem enn ressursar.

– Av alle oppslag som hadde innvandring eller integrering som hovudtema, vart 71 prosent vurdert som problemorienterte, 18 prosent som ressursorienterte, medan berre 11 prosent av oppslaga vart vurdert som nøytrale. I same rapport kjem det fram at av alle avisoppslag om innvandrarar og flyktningar frå 1976 til 2002, var kriminalitet det mest omtalte temaet, seier Alexandra R. Tufteland, kommunikasjonsrådgjevar i IMDi.

Hadia Tajik trur den negative dekninga gjeld fleire område enn integrering, og ikkje er spesifik for denne sektoren.

– Det er medias ibuande hang til dramaturgisk faenskap som gjer at ein prioriterer det negative. Men det kan slå spesielt dårleg ut for folk med innvandrarbakgrunn fordi det, trass alt, ikkje er så mange med innvandrarbakgrunn i Noreg. Dermed kan mange nordmenns oppfatningar av innvandrarar og integreringa i Noreg basere seg på eit forvrengt bilete av røynda, fordi dei ikkje har eigne erfaringar med det.

Javad Mushtaq er samd med Tajik i at dei mest ekstreme og negative syna ofte blir framheva i media. Han tykkjer difor det er viktig at minoritetsungdom med vellukka integrering viser seg fram i offentlegheita.

– Eg prøvar alltid å vere eit førebilete for dei rundt meg og vere eit godt døme på korleis integreringa også kan vere i Noreg. Både media og invandrarar har eit ansvar for å skape ei framtidig suksesshistorie.

 Innvandrar i norsk media:

✔Nokre tema og grupper er oversynlege, medan andre er usynlege i media. Medieanalysen Retriever AS utførte for IMDi i 2009, viser at islam/muslim vart omtala 77.000 gonger. Den massive omtalen slo såleis svineinfluensaen med sine 74.000 treff.
✔Saker om innvandring og integrering er ofte problemfokuserte. Ei innhaldsanalyse av åtte av dei største papiravisene viser at 70 prosent av oppslaga har problemfokus, medan berre 11 prosent er nøytrale.
✔Dei fleste av integreringstiltaka til myndigheitene er retta mot at innvandrarar skal lære seg norsk og vere økonomisk sjølvstendige. Mediedekninga samsvarar i liten grad med det myndigheitene hevdar er viktig for god integrering.
✔Muslimar, og av dei spesielt somaliarar, får mykje negativ merksemd i media. Undersøkingar syner at det også er desse gruppene som opplever mest diskriminering og som befolkninga er mest skeptiske til.

Kjede: IMDi, SSB


Sterkt fokus på status-yrke

Den sterke representasjonen i høgare utdanning spreier seg ikkje jamnt utover dei ulike yrkesgruppene. Dei tre såkalla ALI-yrka, advokat, lege og ingeniør, har særleg utmerka seg blant ungdom med minoritetsbakgrunn.

Hadia Tajik trekker fram etterspurnad og ei trygg framtid som avgjerande for valet.

– Ein har jo alltid behov for advokatar, legar og ingeniørar i Noreg. Enkelte seier at dei reknar med å måtte jobbe hardare enn etnisk norske for å få jobbane dei kvalifiserer for. Då er profesjonsstudium med eit relativt stabilt behov på arbeidsmarknaden vegen ein vel. I tillegg gir nok desse yrka status i mange miljø. Likevel er eg sikker på at der er ei endring på gong. Med fleire journalistar, kunstnarar og artistar med innvandrarbakgrunn, ser ungdom at det går an å lukkast på fleire område enn berre dei tradisjonelle.

Jan Bøhler, leiar i Oslo Arbeiderparti, hevda i ein kronikk i Dagsavisen i mai at fokuset på akkurat desse yrka kjem av at ein manglar gode rollemodellar frå andre yrkesgreiner, og at dei fleste innvandrarforeldra kjem frå landsbygda, der ein har lite kjennskap til andre profesjonar.

Javad Mushtaq er ueinig med Bøhler i at studieretningsvala vil jamne seg ut med auka kunnskap om andre yrke, og trur ikkje ALI-yrka sin dominans vil endre seg med det første.

- Eg er einig i at vi ser ei viss opning mot andre yrkesvegar blant innvandrarbefolkninga. Eit døme på dette er ei auke av jenter med pakistansk bakgrunn i militæret, noko som før aldri ville blitt godteke. Like fullt kjem det alltid til å vere ei kulturelt spesifikk tilknyting til akkurat desse statusyrka. Eg er ueinig med Jan Bøhler i at det handlar om å kjenne til mange yrke. Sterke kulturelle trekk kan nemleg vere avgjerande. Om ein til dømes ser på kastesystemet , som framleis eksisterer nokre stader, er det tydeleg at det tek tid å løyse opp. Æresomgrepet er rett og slett svært sentralt i denne, som i mange andre, innvandrarkulturar.

 

Kreativ utdanning ville skapt furore

– Ditt fag, som er økonomi, er jo ikkje eit ALI-yrke. Korleis var reaksjonen heime då du valde annleis?

–  Det er rett at faget mitt ikkje er ein del av desse mest populære yrka, men det er likevel noko heilt anna enn om eg til dømes skulle velje ei kreativ utdanning. Om eg skulle søkje meg inn på dansehøgskulen til dømes, ville det jo ha skapa furore. Tenk om to fedre stod og prata saman, og den eine spurde: Kva er det din son driv med?  - Jo, han er lege. Og din? - Han er dansar. Det er klart vi er langt ifrå dette stadiet no, seier Mushtaq, men legg til:

– Eg trur likevel ei langsom endring er i gong også på dette feltet. Dei som veks opp no, kjem til å ha eit heilt anna syn på til dømes kreative yrke enn det foreldra deira har.  Framtidige legar med minoritetsbakgrunn kjem til å respektere framtidige dansarar med minoritetsbakgrunn. La oss berre håpe media heng med i den utviklinga, avsluttar den framgongsrike BI-studenten smilande.

Denne artikkelen er også publisert i Studentmagasinet Campus