Han skyt stjernene. Ikkje med ein nimillimeter, men med 35 millimeter film. Ray Kay er verdas leiande musikkvideoregissør.

I kampen om verdsherredøme kjem superstjernene til Reinert K. Olsen, 32 år, frå Haugesund. Han er kanskje det mektigaste våpenet dei kan ta i bruk for å framstå som dei glossy, perfekte og uoppnåelege overmenneska vi ser dei som. Sjå berre på den største popstjerna i verda akkurat no, Lady Gaga! Før musikkvideoen “Poker Face” traff YouTube med eit smell i 2008, var det få som kjente til henne. Kledd i tettsittande svart PVC-drakt og med platinablondt hår steig ho opp frå the middle of nowhere, nærare bestemt eit badebasseng på location i Los Angeles, akkompagnert av to dalmatinerar. Bak kamera stod Ray Kay, som også har vore sentral i det unge stjerneskotet Justin Biebers karriere. I år vart hans musikkvideo “Baby” den mest sette på YouTube nokon sinne, med over 359 millionar visningar så langt. No står skapinga av nye, unge stjerner for tur. Ray Kay tok seg tid til eit intervju med Campus innimellom postproduksjonen av Willow Smith (popstjerne og Will Smiths dotter, journ.merkn.) sin nye musikkvideo. Med sin karakteristiske språkmiks av norske og amerikanske ord fortel han om vegen mot toppen, dei gamaldagse pampane i MTV og fortida som grungerockar i Haugesund. 

 Ray Kay:

Reinert K. Olsen, norsk musikkvideoregissør og -fotograf med base i Los Angeles.

Står bak den mest sette videoen på YouTube nokon sinne: Justin Bieber med “Baby”.

Klientlista hans inkluderer Beyoncè, Lady Gaga, Amerie, Christina Milian, Backstreet Boys, Diddy, Mario, Alesha Dixon, Destiny’s Child og mange, mange fleire.

Har vunne fleire prisar for arbeidet sitt, blant anna MTV Award.

*Pitching: Å jobbe med idéforslag til musikkvideoar som blir lagt fram for den aktuelle artisten og plateselskapet. Regissøren med den beste pitchen vinn og får gjere musikkvideoen.

 

– Når fann du ut at det var musikkvideoar du ville drive med, og når forstod du at du hadde klart å nå toppen?

– Eg visste at eg skulle lage musikkvideoar i Hollywood då eg var 19 år gamal og jobba med eit musikkvideoshow for TV2. Då Justin Biebers “Baby” blei den mest sette musikkvideoen på Internett gjennom tidene, skjønte eg at eg hadde nådd toppen. Dette varer nok ikkje evig, og eg er førebudd på at hypen kjem til å døy ut. Det gjeld å ri denne bølgja så lenge eg kan.

– Korleis fekk du dine første oppdrag i Hollywood?

– Eg reiste til USA og fiksa meg representasjon først. Deretter reiste eg tilbake til Noreg, kor eg heldt fram med å jobbe med norsk TV, samt norske og britiske musikkvideoar. Etter tonnevis av pitchar* på amerikanske musikkvideoar gjennom min amerikanske agent, klarte vi endeleg å lande ein jobb og to. Heldigvis blei videoen for Christina Milians “Whatever You Want” utruleg godt motteken i bransjen, og då var hjula i gang i USA. Når eg ser tilbake på byrjinga av karrieren min i USA, så tenker eg at eg var heldig som kunne by på noko som verkeleg hadde eit high end visuelt uttrykk, samt var unikt nok til at folk la merke til det. Før dette hadde eg forresten jobba i åtte år med TV-produksjon og diverse norske og britiske videoar. Så det tok lang tid før eg var i gang i USA.

– Kvifor lagar du musikkvideoar?

– Fordi mine to store passions i livet er musikk og estetikk. Musikkvideo er den perfekte blandinga av desse. 
 
– Har du heile tida hatt eit mål om å bli ein av verdas leiande musikkvideoregissørar, eller kom det målet inn i løpet av prosessen?

– Eg hadde som mål å jobbe heilt i toppen etter ti år. Eg hadde andre delmål for fem år, tre år, to år og eitt år. Det å ha mål og ein plan hjelpte meg utruleg mykje på vegen.

– Kor stor rolle spelar musikkvideoane dine i å skape stjerner, trur du?

– Det er heilt klart at musikkvideoar er nødvendige for å skape stjernene. Lady Gaga og Justin Bieber har brukt videoane aktivt til å skape sitt image. Vi ser at musikken sel langt betre når det blir laga musikkvideoar til den.Skal ein bli stor popstjerne i 2010, må ein ha meir enn berre radiovenleg musikk og ei fantastisk stemme. Det er kun byrjinga… 
 
– Kven er favoritten av dei stjernene du har jobba med så langt?

– Lady Gaga, fordi ho er så spesiell og annleis.

– Du uttalte nyleg at musikkvideobransjen er den mest superkommersielle bransjen som fins, og at ein må vere klar over det når ein går inn i den. Kva utfordringar gir det deg i arbeidet ditt? Korleis balanserer du det kunstnariske mot det kommersielle?

– Eg lærte meg tidleg at dei fleste ideane som var leftfield of alternative ikkje fekk gjennomslag. Musikkvideoar er som meksikansk mat. Alle rettane er eigentleg dei same, men det vert bytt om litt på ingrediensane. Det er viktig å lære seg å spele innanfor det kommersielle rommet, og ikkje strekke strikken for langt. Mitt mål var aldri å lage dei mest kunstneriske videoane i verda. Då ville jo BERRE venane mine fått sett dei, og det ville vore ein stor waste of time. Mitt mål var alltid kommersiell suksess. Eg synest det er stort å kunne nå eit stort publikum, spesielt når vi lagar videoar som har ein inspirerande og positiv bodskap, som for eksempel Willow Smiths “Whip Your Hair”, som eg gjer postproduksjon på no. 
 
– Kva har du ofra for å nå den posisjonen du har i musikkbransjen i dag?

– Det er utruleg hard jobbing. Og konkurransen er heilt ufatteleg stor. Eg vil ikkje anbefale dette yrket til nokon andre. Det går sjølvsagt ut over privatlivet. Skal ein bli best på noko, så må ein alltid ofre andre ting.
 

– Kva musikk likar du best å høyre på sjølv?

– Eg voks opp med 70-talsrock, og digga hair metal og grunge i tenåra. Eg spelte gitar i eit rockeband heime i Haugesund. Seinare blei eg interessert i trip hop og så hip hop. No lyttar eg til det aller meste og prøvar for det meste å jobbe med musikk eg likar sjølv. Då blir ofte resultatet betre. 
 
– Korleis har YouTube påverka din måte å lage musikkvideoar på? Tenker du annleis no når du veit at videoane først og fremst blir vist på YouTube framfor TV?

– MTV er gamaldagse. Dei betyr ingenting no lenger. Vi lagar kun videoar for Internett. Det er kun dei gamle pampane i styra til plateselskapa som føler seg bra når dei har ein video på TV. Men kidsa ser ikkje videoar på TV lenger. Eg prøvar å unngå veldig mørke scener, sidan mange av detaljane i dei mørke områda forsvinn på YouTube. Det er også lurt å bruke mange nærbilete, sidan folk flest har eit ganske lite videovindu på YouTube. 
 
– Korleis ser ein “vanleg” dag ut for deg? Blir det tid til kjendisfestar, eller er det berre jobbing?

– Eg jobbar veldig mykje framfor datamaskinen med pitching og postproduksjon. Det er mykje meir kontorarbeid enn folk flest trur. Eg treffer sjølvsagt mange artistar når eg er ute. Dei er som gode kollegaer for meg. 
 
– Kva video er du mest stolt av?

– Viss eg må velge berre éin, så må det bli Lady Gaga og “Poker Face”.

– Kva er Ray Kay-signaturen? 

– No har eg prøvd så mange forskjellige stilar at eg håper folk ikkje kan sjå om det er eg som står bak ein video lenger. Viss dei gjer det, så håper eg i så fall at det er fordi nokon ser at det er lagt kjærleik i handverket.

Denne artikkelen er også publisert i Studentmagasinet Campus


Annonse:

 
Studer i Oslo, Bergen eller på nett. Les mer om våre bachelor-, master og årsstudier innen:


Annonse:

Start din amerikanske bachelorgrad i Norge

Du fortsatt søke! American College i Moss rett utenfor Oslo er det perfekte stedet å starte for deg som vil studere i USA! Vi gir deg en smidig overgang til det amerikanske utdanningssystemet.

Som student hos oss tar du ett år med fag i Norge, før du fullfører bachelorgraden din ved et universitet i USA. Etter å ha bestått studiet ved American College, er du garantert plass ved et av våre åtte samarbeidsuniversiteter! Du kan også søke fritt på ALLE andre skoler i USA. Les mer, fyll inn kontaktskjema eller søk her. Se film under for å se hvordan det fungerer hos oss: